Sjukeheim - tidsavgrensa opphald (korttidsopphald)

Føremålet med tenesta er å gje eit tilbod til personar som på grunn av sjukdom eller funksjonssvikt har behov for opphald for rehabilitering, utgreiing og behandling eller anna i ein tidsavgrensa periode. Pasientar på slutten av livet kan også få hjelp eller lindring og ei verdig avslutning. 

Fusa kommune har ni plassar for korttids-/rehabiliteringsopphald: Åtte institusjonsplassar og ei øyeblikkeleg hjelp-seng på Fusa bu- og behandlingssenter.

Søknad

  • Ved rehabiliteringsopphald må søkjar sjølv ha ønske om opphald og mål med opphaldet. 

  • Legeopplysningar som er relevante for opphaldet skal liggja ved søknaden.

  • Det skal søkjast på skjema som er fylt ut og underskrive av søkjar eller verje. Fusa kommune har felles søknadsskjema for kommunale helse- og omsorgstenester - bruk snarvegen nedanfor.

  • Søkjar må ha trong for heildøgns pleie og omsorg. 

Søknadsskjema

Betalingssatsar

Betalingssatsen per døgn vert endra årleg den 1.1. Gjeldande pris finn du ved å søkja på "prisliste" på kommunen si heimeside, og sjå under avsnittet om pleie- og omsorgstenester. Transport til og frå opphaldet er ikkje inkludert i prisen.

Dersom perioden for tidsavgrensa opphald samla sett overstig 60 døgn på eitt år, gjeld andre satsar. Desse vert regulert gjennom forskrift om betaling for opphald i institusjon.

Innlegging i ØH-seng er gratis. 

Tenesta er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester

Øyeblikkeleg hjelp (ØH-seng)

I følgje lovverket skal kommunane syta for tilbod om døgnopphald for helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar med behov for øyeblikkeleg hjelp. ØH-senga er for pasientar frå 18 år og oppover. Tilstanden kan ikkje vera kritisk eller livstrugande. Dersom legen vurderer at tilstand eller situasjon tilseier påtrengjande behov for utredning eller behandling, kan pasienten få tilbod om ØH-opphald.

Føresetnaden er at det må vera ein pasient med avklart diagnose og funksjonsnivå som kommunen er i stand til å behandla, og der risikoen for akutt forverring under opphaldet er liten.

Sjå meir informasjon:

Sjå også:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.07.2018
Tenestekontoret
Nye Fjord'n Senter, 2. etasje, Leiro 33 Postboks 24
5649 Eikelandsosen

Mobil
: 404 49 455
Opningstid
: 08.00-15.00
kontaktperson

Pleie og omsorg

Telefon :
56 58 02 03
E-post :
gro.elisabeth.almas@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Pleie og omsorg - FBBS

Telefon :
56 58 02 40
E-post :
lene.tveit@fusa.kommune.no
Tittel :
Tenesteleiar
Bunnhjørne