Sansehagen - ein hage for alle sansar

Sansehagen ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) er godt utbygd. Vi har fått inn mykje midlar og gratis materiale både frå private og det lokale næringslivet i Fusa, og mange har gitt minnegåver til sansehagen. Hagen har ei styringsgruppe med tilsette frå FBBS og eining Helse, familie og velferd - avd. Rehabilitering og representantar frå Fusa Lions og Fusa Hagelag. Samarbeidet med desse laga er svært godt.

Hagen er no så godt som ferdigstilt med hønsehus, mjølkerampe, reiskapsbod, frukttre, natursteinsmurte blomebed og grue m.m.

Sansestimulering

Målet for hagen er at det skal vera ein stad med mange sansestimulerande opplevingar, både for pasientar og pårørande ved Fusa bu- og behandlingssenter. Og det har den blitt.

Her får pasientane mange gode opplevingar: Dei får henta egg i hønsehuset, sjå på blomstring i beda og vera med på aktivitetar som bålbrenning på grua, plenklipping og saging. For fleire av pasientane er berre det å få vera ute i sola ei fin oppleving. Det å kunna ha opne dører ut frå stovene på demensavdelingane, er svært positivt i miljøterapeutisk behandling av personar med demens.

Besøkshage

For dei pårørande er det kjekt å ha denne flotte hagen som ramme for besøket. Det å kunna vera saman med sine i ein tilrettelagt hage, kan vera ei flott oppleving for alle. På alle pasientrom og i omsorgsbustadane er det lagt ut informasjon om sansehagen og invitasjon til å bruka han.

Positiv verknad

Nasjonal og internasjonal forsking syner at sansehagar kan gje fleire positive effektar. Pasientar kan m.a. få betre søvnkvalitet, betre apetitt, mindre uro og stress og dermed mindre behov for roande medikament.

Har du spørsmål om sansehagen, er du velkomen til å ta kontakt med:

  • Mildrid Aarvik - tlf 958 69 070

  • Ann Kristin Næss - tlf 404 15 541

Sjå også:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.08.2018
Tenestekontoret
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 70

Opningstid
: 08.00-15.00
kontaktperson

Pleie og omsorg - FBBS

Telefon :
56 58 02 22
Mobil :
958 69 070
E-post :
mildrid.aarvik@fusa.kommune.no
Tittel :
Aktivitør
Bunnhjørne

Helse, familie og velferd - rehabilitering + Tenestekontoret
Arbeidstid: må-ty, to-fre

Mobil :
404 15 541
E-post :
Ann.Kristin.Naess@fusa.kommune.no
Tittel :
Kommuneergoterapeut
Bunnhjørne