Interkommunalt KOLS-team

KOLS-teamet er eit samarbeid mellom kommunane Os, Samnanger og Fusa. Teamet består av ein sjukepleiar i 100 % stilling og fysioterapeut i 40 % stilling. Målet med teamet er å hjelpa personar med KOLS til best mogleg helse og livskvalitet gjennom tett lokal oppfølging.

Her finn du oss

Kols-teamet er organisert under eining Pleie og omsorg på Luranetunet.

  • Telefon 970 46 614/916 72 069
  • E-postkolsteam@os-ho.kommune.no
  • Kontortid: Måndag 8-17. Tysdag-fredag kl. 8-15
  • Os: Kolsteamet sitt hovudkontor er plassert på Luranetunet i 1. etasje, Vestre Lurane 3
  • Samnanger: Samnanger helsetun, Tyssevegen 138
  • Fusa: Eikelandsosen helsesenter, 1. etasje, Leitet 26

KOLS-team: Åsa Flakke til venstre og Bjørg Støle til høgre - Klikk for stort bilete

Kven kan få hjelp frå KOLS-teamet?

Alle med diagnosen kols i kommunane Os, Samnanger og Fusa. Pårørande og øvrig helsepersonell er også ei viktig målgruppe.

 

Slik går du fram

Kols-teamet er eit lågterskeltilbod, og alle kan ta kontakt med teamet for råd.
Føresetnaden for oppfølging er at du har diagnosen kols og sjølv ønskjer at teamet skal følgja deg opp. Du kan avtala konsultasjon på kontor eller få besøk heime.

Dette tilbyr vi

  • Opplæring og informasjon om diagnosen KOLS til pasient og pårørande.
  • Råd om ernæring, medisinbruk, angst og depresjon, fysisk aktivitet og rehabilitering, oppdaterte lokale tilbod for pasientgruppa, og røykeslutt.
  • Undervisning og kursing av tilsette i kommunane.
  • På sikt skal vi halda lokale kurs for personar med diagnosen kols.
  • Treningsgruppe for pasientar med KOLS.

For påmelding, ta kontakt på e-post kolsteam@os-ho.kommune.no

Teamet samarbeider med spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta, fastlegane, fysioterapeutar, ergoterapeutar, LHL Os, folkehelsekoordinator i Samnanger og Frisklivssentralen i Os.

Kva kostar tenesta?

Tilbodet er gratis. 

Meir informasjon

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 06.08.2019
Tenestekontoret
Nye Fjord'n Senter, 2. etasje, Leiro 33 Postboks 24
5649 Eikelandsosen

Mobil
: 404 49 455
Opningstid
: 08.00-15.00