Interkommunalt diabetesteam Bjørnafjord-regionen

Kommunane Os, Fusa og Samnanger samarbeider om eit interkommunalt diabetesteam med tilbod til dei som har diabetes og deira pårørande.

Formålet til diabetesteamet:

Betre oppfølging og behandling av personar med diabetes i samarbeid med fastlege og spesialisthelsetenesta.

Målgruppe:

Dei som har diabetes i Os, Fusa og Samnanger og deira pårørande.

Kva tilbyr teamet?

Opplæring til eigen kontroll av diabetes:

  • blodsukkermåling
  • kosthald
  • tablettbehandling
  • insulinstart
  • anna vidare oppfølging og kontroll av diabetes

Teamet kan òg nyttast til kurs og opplæring og er ein ressurs når det gjeld diabetes i kommunane.

Teamet består av:

  • Fagleg ansvarleg lege i 10 % stilling.
  • Diabetessjukepleiar i 100 % stilling.
  • Diabetessjukepleiar har eigne konsultasjonar og ambulerer i dei tre kommunane etter folketalsprinsippet.

Kontakttelefon/e-post:

  • Ta direkte kontakt med diabetessjukepleiar på telefon 906 78 912.
  • E-post: diabetes@os-ho.kommune.no 

Kontor:

  • Fusa: Eikelandsosen Helsesenter 1.etg. Adr: Leitet 24, 5640 Eikelandsosen
  • Os: Ressurssenter på Luranetunet 1.etg. Adr: Vestre Lurane 3, 5200 Os
  • Samnanger: Samnanger helsetun. Adr: Tyssevegen 138, 5650 Tysse

Heimebesøk:

Ved behov for det kan diabetessjukepleiar avtala heimebesøk.

Samarbeid:

Teamet samarbeider mellom anna med fastlegar, spesialisthelsetenesta og diabetesforbundet lokalt.

Lågterskeltilbod:

  • Tilbodet er ei gratis kommunal teneste.
  • For å få oppfølging av diabetesteamet, må du ha fått diagnose diabetes.
  • Hovudansvaret for behandlinga vil alltid liggja hos fastlege.

Meir informasjon:

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 19.09.2018
Tenestekontoret
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 70

Opningstid
: 08.00-15.00
kontaktperson

Interkommunalt diabetesteam Os, Fusa og Samnanger

Mobil :
906 78 912
E-post :
trls@os-ho.kommune.no
Tittel :
Diabetessjukepleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Interkommunalt diabetesteam Os, Fusa og Samnanger

Tittel :
Diabeteslege (10 %)
Bunnhjørne