Helsestasjons- og skulehelsetenesta

Helsetasjonen i Fusa held til i andre høgda i Fjord'n senter i Eikelandsosen. Det skal vera låg terskel inn til oss. Dersom du er i tvil om du skal ta kontakt med helsesøstertenesta, så gjer det! Hugs at time for faste kontrollar og vaksinering må tingast på førehand.

Oppgåvene til helsesøstrene er mellom anna:

  • Førebyggjande arbeid
  • Heimebesøk til familiar med nyfødde barn og ved behov
  • Helsestasjon – rutinemessige konsultasjonar og vaksinasjon
  • Helsestasjon for ungdom
  • Helseteneste for flyktningar
  • Rettleiing og rådgjeving - vi svarar på spørsmål
  • Skulehelsetenesta
  • Tuberkulosearbeid
  • Tverrfagleg samarbeid                                  

Helsestasjon for ungdom

Dette er ei teneste for ungdom i alderen 13-20 år. Her kan du få svar på spørsmål, snakka om emne du er oppteken av, få teke prøvar og graviditetstest, få reseptar og prevensjonsrettleiing. Tenestene er gratis.

Det er ikkje fast kontortid for dette tilbodet. Ta kontakt på telefon for nærare avtale.


Skulehelsetenesta

Dette er eit tilbod til elevar i grunnskulen og vidaregåande skule for å medverka til at dei tek ansvar for eiga helse. Tenesta er gratis. Helsesøster og andre som arbeider i skulehelsetenesta har teieplikt, men har nær kontakt med lærarar og andre faggrupper.

Skulehelsetenesta gjev mellom anna desse tilboda:

  • Konsultasjon hos helsesøster og lege før skulestart

  • Konsultasjon hos helsesøster i andre klasse

  • Tilbod om vekt og lengdemåling i tredje og åttande klasse

  • Tilbod om vaksinasjon

  • Oppfølging av einskildelevar etter behov

  • Kontortid for samtale med einskildelevar, grupper eller klassar

Helsesøstrene har delt skulane mellom seg slik:

  • Astrid Gaupholm: Fusa ungdomsskule 
  • Ingvild Ekeberg: Eikelandsosen skule, Fusa vidaregåande skule
  • Susanne Ulvenes: Nore Fusa og Søre Fusa skular, Hålandsdalen montessoriskule
  • Randi Haugse Rød: Fusa skule, Strandvik montessoriskule, Vinnes friskule 

Ta kontakt med skulen din, så får du vita kva dagar helsesøster er på skulen og kva telefonnummer ho er å treffa på!

Vaksinasjon

Departementet har fastlagt eit nasjonalt program for vaksinering mot smittsame sjukdommar. Kommunehelsetenesta i Fusa tilbyr dette programmet til innbyggjarane. Helsestasjonen og skulehelsetenesta i Fusa kommune følgjer dei nasjonale retningslinene for vaksinasjon. Du kan sjå oppdatert informasjon om barnevaksinasjonsprogrammet hjå folkehelseinstituttet.

Treng du tuberkulintest og vaksinasjon mot tuberkolose, ring helsestasjonen for timebestilling.

Vaksine før reiser utanlands for vaksne og/eller barn får du hos fastlegen.

Skjema:

Snarvegar:

Artiklar
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.08.2016
Tenestekontoret
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 70

Opningstid
: 08.00-15.00
kontaktperson

Helse, familie og velferd - helsestasjon

Kontortid.: ty, to, fre + mån i oddetalsveker

Telefon :
56 58 01 62
Mobil :
489 96 272
E-post :
ingvild.ekeberg@fusa.kommune.no
Tittel :
Helsesøster
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - helsestasjon

Kontortid mån-fre

Telefon :
56 58 01 64
Mobil :
416 02 082
E-post :
astrid.gaupholm@fusa.kommune.no
Tittel :
Leiande helsesøster
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - helsestasjon.

Kontortid tys-fre

Telefon :
56 58 01 63
Mobil :
488 93 681
E-post :
randi.haugse.rod@fusa.kommune.no
Tittel :
Helsesøster
Bunnhjørne

Helse, familie og velferd - helsestasjon.

Kontortid kvar månd, onsd og torsd. + tysd i partalsveker

Telefon :
56 58 01 89
Mobil :
979 65 039
E-post :
susanne.ulvenes@fusa.kommune.no
Tittel :
Helsesøster
Bunnhjørne