Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS)

Fusa bu - og behandlingssenter (FBBS) er eit sjukeheims- og rehabiliteringstilbod til brukarar som treng heildøgns pleie, omsorg og rehabilitering over kortare eller lengre tid.

FBBS ligg på Leitet i Eikelandsosen med utsyn over Eikelandsfjorden. FBBS har 36 sjukeheimsplassar, fire omsorgsbustader, kjøkkendrift, vaskeri og reinhald.

Visjonen til FBBS er: Me bryr oss!

FBBS har følgjande avdelingar:

  • Langtidsavdelinga - 12 plassar  

  • Korttids-/rehabiliteringsavdelinga - 8 institusjonsplassar på FBBS + 1 ØH-seng (øyeblikkeleg hjelp). Avdelinga er tiltenkt brukarar med behov for kortare opphald, rulleringsopphald eller rehabilitering. 

  • Avdeling for aldersdemente A og B - To små avdelingar med 8 rom i kvar. 

Sansehagen

Sansehagen er knytt til avdeling for aldersdemente A/B. Han vart bygd på dugnad i eit samarbeid mellom tilsette og frivillige i lag og organisasjonar. Sansehagen vart offisielt opna 16.6.2010 og er vorte ein oase som gir høve til gode opplevingar for mange. Meir informasjon finn du på eiga side om sansehagen.

Kjøkkenet

Kjøkkenet lagar mat til dei som bur på institusjonen etter kok-kjøl-metoden. I tillegg vert det laga middagar til heimebuande og dagsentra. Meir informasjon om dette finn du under sida for matombringing.

Me ønskjer å driva ein open institusjon der pårørande, lag, organisasjonar og skuleklassar er velkomne anten det er som besøkjande eller med underhaldningsinnslag/aktivitet. 

Søknadsskjema:

Sjå også:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.08.2018
Tenestekontoret
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 70

Opningstid
: 08.00-15.00
kontaktperson

Pleie og omsorg

Telefon :
56 58 02 03
E-post :
gro.elisabeth.almas@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Pleie og omsorg - FBBS

Telefon :
56 58 02 40
E-post :
lene.tveit@fusa.kommune.no
Tittel :
Tenesteleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Pleie og omsorg - FBBS, kjøkken

Telefon :
56 58 02 10
E-post :
arild.tveit@fusa.kommune.no
Tittel :
Kjøkkensjef
Bunnhjørne