Ergoterapi

Fusa kommune har ergoterapeut i 80 % stilling. Ergoterapeuten hjeper folk som har vanskar med å klara gjeremål i kvardagen, og arbeider med menneske i alle aldrar og med alle typar lidingar og diagnosar. 

Ergoterapeuten hjelper også pasienten til å ta i bruk eigne ressursar, slik at ein kan leva og bu sjølvstendig så lenge som råd. Eit viktig verktøy er høvelege hjelpemiddel. Ergoterapeuten formidlar hjelpemiddel frå Hjelpemiddelsentralen.

 


Du kan ta kontakt med ergoterapeuten dersom du har behov for:

  • Rettleiing for tilpassing av bustad etter varig funksjonstap
  • Rettleiing/trening i å utføra daglege gjeremål
  • Funksjonsvurdering i bilsaker m.m· 
  • Formidling av hjelpemiddel frå 1) Kommunalt lager (korttidsutlån – under 2 år) og 2) Hjelpemiddelsentralen (langvarig behov - over 2 år): formidling av nye hjelpemiddel, oppfølging/trening i bruk, formidling av reparasjon og tilbakelevering  

Ergoterapeuten er også fast medlem i:

  • Byggekomitear
  • Rehabiliteringsteam
  • Tenestekontoret - som handsamar søknader om kommunale helse- og omsorgstenester
  • Er kontaktperson mellom Fusa kommune og Høresentralen


Skjema:


Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.02.2016
Tenestekontoret
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 70

Opningstid
: 08.00-15.00

Helse, familie og velferd - rehabilitering + Tenestekontoret
Arbeidstid: må-ty, to-fre

Telefon :
56 58 02 07
Mobil :
404 15 541
E-post :
Ann.Kristin.Naess@fusa.kommune.no
Tittel :
Kommuneergoterapeut
Bunnhjørne