Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet gir auka energi og overskot i kvardagen, trivsel og glede, og opnar for sosial kontakt og mental utkopling. Fysisk aktivitet er også gunstig for den psykiske helsa og for ei rekkje kroppslege funksjonar, mellom anna søvn.

”Kroppen og mennesket som helhet er skapt for bevegelse!" understrekar tidlegare kommuneoverlege i Fusa Camilla Hovig. Oppfordringa hennar er klar: "Ta deg derfor tid til å være fysisk aktiv! Se på det som en investering som er garantert å gi større avkastning enn innskuddet. Ikke mange ting man foretar seg, har den garantien! Daglig fysisk aktivitet forebygger i tillegg hjerte- og karsykdommer, type 2 diabetes, høyt blodtrykk, enkelte kreftformer, overvekt og fedme."


Folkehelsekoordinator oppfordrar også: ”Finn di form for fysisk aktivitet. Alt er betre enn ingen ting. Nokon trenar hardt 5 gongar i veka, mens andre går til jobben eller har nok med å ta trappa i staden for heisen. Det viktigaste er å finna ei form du trivst med!”.

Snarvegar:

 

Gode naturopplevingar og fysisk aktivitet

Det beste med Fusa er "herleg natur!" - meinte 10. klassingane våre som var med på idédugnad for kommuneplanen hausten 2009.

"Fusa er midt i blinken for meg på grunn av gode naturopplevingar," sa ein annan fusing.

Friluftsliv i mange variantar er glimrande døme på fysisk aktivitet som gjer godt for helsa. Sjå tips til aktivitetar i Fusa:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.08.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30