Folkehelse- og levekårsrapport

Korleis står det til med folkehelsa i Fusa anno 2012? Dette kan du finna svar på i rapporten "Folkehelse og levekår i Fusa 2012-2016" laga av kommuneoverlege Camilla Hovig og folkehelsekoordinator Ellen Strøm Synnevåg. Dei konkluderer med at dei aller fleste har god helse og føresetnader for gode og lange liv i Fusa, men også her er aukande sosiale forskjellar ei utfordring framover.

Lovfesta

I følgje Lov om folkehelsearbeid (2011) §5 pliktar kommunane å utarbeida ei skriftleg oversikt over helsetilstanden i befolkninga, og positive og negative faktorar som kan verka inn på denne. Oversikta skal basera seg på tilgjengelege opplysningar frå helsestyresmaktene, Fylkeskommunen, kunnskap frå dei kommunale helse- og omsorgstenestene, og lokalkunnskap om faktorar og utviklingstrekk i lokalmiljøet.

Føremålet med denne rapporten er å identifisera risikofaktorar og utfordringar innanfor folkehelsefeltet i kommunen. Rapporten skal liggja til grunn for kommunal drift, planlegging og styring, og slik sikra at prioriteringar skjer i tråd med dei utfordringane kommunen har. Den skal òg liggja til grunn for prioriteringar i det praktiske folkehelsearbeidet. Rapporten er i større grad retta mot utfordringsbiletet enn mot spesielt positive faktorar. Utfordringsbiletet vil slik kunna gje ein peikepinn på om eksisterande planar tek i vare dei utfordringane kommunen står i på ein god nok måte (Helse- og omsorgsdepartementet 2012).

Våren 2012 utarbeidde folkehelsekoordinator i samarbeid med kommuneoverlege ein slik rapport for Fusa kommune. Rapporten ligg tilgjengeleg her på Fusa kommune sine heimesider. Satsinga vidare skal ha utgangspunkt i denne rapporten.

 

Generelle utfordringar i Fusa

Dei mest framtredande utfordringane som gjeld fusigane generelt er:

  • store geografiske avstandar og transport

  • mangel på sosiale møtestader

  • for lite fysisk aktivitet

  • sosial ulikskap

 

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.01.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30