Folkehelse

Folkehelse handlar om samfunnet sitt arbeid med faktorar som er med på å påverka helsa di. Slike faktorar kan m.a. vera kosthald og ernæring, fysisk aktivitet, trafikktryggleik, sosiale faktorar, rusmiddel og røyking. Det kan òg vera allergi, drikkevatn, inneklima, miljøgifter, skadedyr, stråling og støy. Folkehelsearbeidet er ei samfunnsoppgåve som ikkje er retta inn mot enkeltindivid, men alle innbyggjarane eller store grupper.

Det overordna målet i folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse, og å redusera sosiale ulikskapar i helse. Ein er både oppteken av å styrkja dei faktorane som ivaretek eller betrar helse og redusera negative faktorar. Ved å fokusera på faktorar som påverkar helsa vår, vil ein kunna førebyggja sjukdom og skade, og fremja helse, trivsel og livskvalitet.

Folkehelsearbeidet er vidt og omfattande og krev systematisk og heilskapleg satsing.

Fusa kommune inngjekk ein partnerskapsavtale for folkehelse med Hordaland fylkeskommune i 2011 og hadde folkehelsekoordinator i 50 % stilling t.o.m. 31.12.2013. Koordinatoren har vore sentral i arbeidet med å byggja opp eit målretta og systematisk folkehelsearbeid på tvers av einingar og sektorar, og i nært samarbeid med frivillige organisasjonar.

F.o.m. 1.1.2014 er folkehelsekoordinatorstillinga avvikla. Ansvaret for å følgja opp folkehelsearbeidet og sjå til at det har fokus i heile kommuneorganisasjonen, er lagt til leiargruppa. Kommunen har ein folkehelsekontakt - spesialrådgjevar Anne-Lise Aaseng - og ei folkehelsegruppe leia av einingsleiar for Helse, familie og velferd.

Folkehelseseminar

28. april 2015 vart leiarar og nøkkelpersonar for folkehelsearbeidet frå alle einingar og frivillig sektor inviterte til folkehelseseminar for å skapa medvit og sikra forankring av folkehelsearbeidet. Sjå eiga side

Folkehelsetiltak

Folkehelsekoordinatoren har både arbeidd med forankring av folkehelsearbeidet i kommunen og med konkrete folkehelsetiltak. Nedanfor følgjer oversikt og lenker til noko av det som har vore gjennomført/sett i gang:

 

 

 

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service

Telefon :
56 58 01 23
E-post :
annelise.aaseng@fusa.kommune.no
Tittel :
Spesialrådgjevar
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd

Telefon :
56 58 01 77
Mobil :
928 68 355
E-post :
anne.skagseth@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne

HFV - Legetenesta

Kontortid fredagar

Telefon :
56 58 01 89
Mobil :
489 50 032
E-post :
Klaus.Melf@fusa.kommune.no
Tittel :
Kommuneoverlege
Bunnhjørne