Feiing og tilsyn

Feiing og vanleg tilsyn med piper, eldstader m.v. og kontroll av piper og eldstader i Fusa kommune vert utført av Fusa brannvesen.

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg er heimla i forskrift til Brann- og eksplosjonsvernlova. I utgangspunktet er alle heilårbustader her i landet underlagt kravet i desse forskriftene. Kommunen kan også vedta å utføra feiing og tilsyn i andre bygningar.

  • Feiing vert normalt utført kvart 2. år (ekstrabetaling for dei få som må ha feiing oftare).

  • Tilsyn vert utført kvart 4. år.

Ansvar

Brannlova med forskrifter og Plan- og bygningslova med forskrifter stiller krav til bygningen, der det skal feiast. Arbeidsmiljølova med forskrift set krav til arbeidsmiljøet til feiaren.

Huseigar sitt ansvar:

  • at heile fyringsanlegget er i forsvarleg stand

  • at huset har god og trygg tilkomst for feiing. Tilkomst til skorsteinen må sikrast med forskriftmessig fast takstige eller godkjente trinn. Det finst prefabrikerte typegodkjente stigeløysingar til alle taktypar. Alternativ til feiing frå tak: Med feieluke på loftet kan feiing utførast derfrå.

  • Er ikkje lovpålagt utstyr på plass når feiaren kjem, vil likevel avgift bli krevd, jf. "Brann og eksplosjonsvernlova" § 28.

Arbeidsgjevar sitt ansvar:

  • feiarpersonellet sin tryggleik på arbeidsplassen (t.d. på ditt hustak).

Fritak frå feiing

Eventuell søknad om fritak frå feiing skal rettast skriftleg til brannsjefen i Fusa kommune. Det er eit vilkår for fritak at alle eldstader er kopla frå skorsteinen og holet er mura att. Dette vert kontrollert av feiar ved tilsyn. Det vert ikkje gjeve fritak for tilsyn.

Spørsmål og klager

Berre heilt overordna saker om feiing og tilsyn i Fusa kommune vert handsama av brannsjefen i Fusa. Klager og spørsmål vedrørande feiing og tilsyn skal difor i første omgang takast opp med feiaren i Fusa.

Skjema

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Teknisk drift - Fusa brann og redning

Telefon :
56 58 01 51
E-post :
gunnar.hatlelid@fusa.kommune.no
Tittel :
Brannsjef
Bunnhjørne
kontaktperson

Teknisk drift - Fusa brann og redning

Mobil :
909 81 706
E-post :
roger.ulland@fusa.kommune.no
Tittel :
Feiar
Bunnhjørne