Desse tre brannstasjonane dekkjer beredskapen i Fusa kommune:
-
Eikelandsosen brannstasjon (hovudbrannstasjon): 14 mannskap + 4 befal
-
Venjaneset brannstasjon (bistasjon): 7 mannskap
-
Ølve brannstasjon (bistasjon, avtale m/Kvinnherad kommune): 12 mannskap
Slik melder du frå om brann
Brannar og akutt forureining skal meldast til ALARMSENTRAL BRANN HORDALAND tlf. 110.
Større ulukker kan også meldast til denne alarmsentralen
Ved melding om t.d. brann til tlf. 110 må du oppgje:
-
namnet ditt
-
kvar du ringjer frå
-
situasjonen på staden (t.d. om menneske i nød)
-
det er alltid til god hjelp om du også kan opplysa sentralen om kva som er næraste brannstasjon (du er meir lokalkjend enn dei på sentralen) - det sparer verdfull tid
Næraste brannstasjon
-
Eikelandsosen brannstasjon: Holmefjord, Eikelandsosen, Bergegrend, Hålandsdalen, Sævareid, Baldersheim.
-
Venjaneset brannstasjon: Fusa(bygda), Vinnes, Strandvik.
-
Ølve brannstasjon: Nordtveitgrend, Sundvor, Lygre, Sundfjord.
Om nokon er usikker på næraste brannstasjon, ta kontakt med brannsjefen!
Om du opplever ein brann, er det oftast denne prioriteringa som er rett:
Har du ei bekymringsmelding?
-
Meld frå til brannvesenet om bekymringsfulle forhold på Branntips.no.
Er du uroleg for branntryggleiken der du bur - eller til nokon du kjenner? Uansett kven eller kva bekymringa di gjeld, ønskjer brannvesenet å høyra frå deg. Saman kan vi unngå at det vert brann og potensielt redda liv. Takk for at du bryr deg!
Bråtebrenning - skal du brenna lauv og gras?
Hugs følgjande:
-
Du kan berre brenna kvist, lauv, gras og anna naturleg hageavfall
-
Du må ikkje brenna nærare enn 8 m frå bygning, eller 10 m frå skog og mark
-
Du bør ikkje brenna i sterk vind eller i tørkeperiodar
-
Ta nødvendig omsyn til naboar
-
Du må ikkje brenna etter det er mørkt
-
Ha hageslange eller andre sløkkjemidlar vera klar til bruk ved bålet
-
Sløkk bålet forsvarleg etter at brenning er avslutta
-
Dersom du følgjer desse retningslinjene, treng du ikkje melda frå til brannvesenet når du skal brenna små hagebål o.l.
-
Hugs at all brenning skjer på eige ansvar
Løyve til bål i skog og mark
I skog og mark er det i tida 15. april til 15. september forbod mot å gjera opp eld utan løyve frå brannsjefen
Snarvegar: