Beredskap og krisehandtering

Fusa kommune har ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse og ein overordna beredskapsplan for krisehandtering. Det er laga delplanar, rutinar og instruksar som skal følgjast om det oppstår ulike typar uønskte hendingar.

Kommunal kriseleiing (KKL)

Fusa kommune har ei kommunal kriseleiing (KKL), som koordinerer og leiar kommunen sitt arbeid i samband med kriser. 

KKL er sett saman av

  • leiar (rådmann)
  • K1 - personell og logistikk (einingsleiar samfunnsutvikling, økonomi og service)
  • K2 - etterretning/skadestadskontakt (brannsjef)
  • K3 - operasjon/nestleiar (ass. rådmann)
  • K4 - informasjon (heimesideredaktør)
  • ordførar
  • med varafolk

 Andre fagfolk og aktørar vert kalla inn avhengig av kva type krise ein står overfor.

Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam er ein del av det ordinære hjelpeapparatet, og skal sikra at den som er i krise, og som treng hjelp, får det.

Psykososialt kriseteam kan verta kalla saman når det oppstår:

  • Ei ulukke, brå og uventa død, eller alvorleg sjukdom.
  • Ein krisesituasjon der det kan vera ønskeleg å drøfta situasjonen tverrfagleg/-etatleg, men alltid etter samtykke frå pårørande/den kriseramma.

Det er lege og/eller politi som aktiverer psykososialt kriseteam, og det er lege som leiar krisearbeidet.

Mål for beredskapsarbeidet

Desse måla er forankra i samfunnsdelen av kommuneplanen for Fusa kommune 2011-2023:

  • Fusa kommune skal vera trygg og robust, både som naturkommune, bukommune og arbeidskommune.
  • Vi skal til ei kvar tid ha oversyn over risikofaktorane i fusasamfunnet.
  • Vi skal arbeida fortløpande med å hindra at ulukker skjer ved å syta for at det vert sett i verk risikoreduserande tiltak.
  • Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vera godt forankra både politisk og administrativt og ha fokus i heile organisasjonen Fusa kommune.
  • Fusa kommune skal vera budd på krisesituasjonar, slik at vi kan handtera uønskte hendingar, kriser og ulukker raskt og effektivt, og slik minskar omfang og konsekvensar.
  • Vi skal skal sikra tilstrekkeleg kompetanse på alle nivå i kriseberedskapen gjennom regelmessige øvingar, oppdatert planverk og nødvendig informasjon.

Lovverk

  • Lov av 25. juni 2010 nr. 45 om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og sivilforsvaret (sivilbeskyttelsesloven) slår fast at kommunane skal utarbeida heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) (§ 14),
  • og at kommunane skal utarbeida beredskapsplanar med utgangspunkt i ROS-analysen (§ 15).
  • Beredskapsplanen skal innehalda oversikt over kva tiltak kommunen har førebudd for å handtera uønskte hendingar.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson
Telefon :
56 58 01 15
Mobil :
915 10 230
E-post :
berit.floisand@fusa.kommune.no
Tittel :
Spesialrådgjevar
Bunnhjørne
kontaktperson
Telefon :
56 58 01 17
Mobil :
979 78 771
E-post :
Elisabeth.Farstad@fusa.kommune.no
Tittel :
Assisterande rådmann
Bunnhjørne
kontaktperson

Teknisk drift - Fusa brann og redning

Telefon :
56 58 01 51
E-post :
gunnar.hatlelid@fusa.kommune.no
Tittel :
Brannsjef
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service

Telefon :
56 58 01 34
E-post :
ella.marie.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Rådgjevar - permisjon 1.1.-31.12.2017
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service

Telefon :
56 58 01 00
Mobil :
488 90 813
E-post :
terje.raunsgard@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Ordførar

Telefon :
56 58 01 10
Mobil :
917 35 602
E-post :
atle.kvale@fusa.kommune.no
Tittel :
Ordførar
Bunnhjørne