Trollskogen barnehage

Trollskogen barnehage ligg på Fusa og har 54 plassar og tre avdelingar. Du finn opningstider og kontaktinformasjon til høgre på denne sida.

Barnehagen har eit godkjent opphaldsareal på 190m2, og er godkjent for barn i alderen 0-6 år. Trollskogen har tre avdelingar: Småbarnsavdeling med ni barn i alderen 0-2 år og to avdelingar med barn i alderen 2-6 år.

Trollskogen barnehage har eit stabilt og godt personale.
 

Primærkontakt

Kvart barn er knytt til ein fast primærkontakt, som har hovudansvaret for barnet. Primærkontakten har også ansvar for å gje jamnlege tilbakemeldingar til foreldra.

I Trollskogen barnehage har me aldersdelte grupper onsdag-fredag. I desse gruppene er det aktivitetar som er særskilt tilrettelagt for alder og modning.

Natur og friluftsliv

Trollskogen barnehage ligg i bygda Fusa. I barnehagen sitt nærområde er det skog, sjø, fjell, skule, symjehall og butikk. Me har særs stor vekt på friluftsliv. I år har me særleg satsa på kunnskap og erfaring med norske plantar og dyr. Respekt for naturen er ein grunnleggjande verdi i Trollskogen barnehage. 

Trollskogen barnehage arbeider i danning og læring etter desse måla:

  1. Me skal gje barna eit tilbod om rikt og variert språkmiljø (Trollord, språkleiken BRAVO, Snakkepakken).
  2. Me  skal styrkja barna si nysgjerrigheit for realfag, med særleg vekt på matematikkglede og lyst til å utforska matematiske samanhengar. (Naturopplevingar, mattemeisen).
  3. Me skal driva med relasjonsleiing.

Danning

Danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikla evne til å reflektera over eigne handlingar og veremåtar. Danning skjer i samspel med omgjevnadane og med andre, og er ein føresetnad for meiningsdanning, kritikk og demokrati.

Sosial kompetanse

Alle barn i Trollskogen barnehage skal bli møtt i tråd med deira behov og føresetnader.

Innan sosial kompetanse øver me aktivt og systematisk på å visa omsorg, lytta til kvarandre, samarbeida og løysa usemje. Me vaksne er særs aktive i høve til at alle barn skal oppleva vennskap og kva det inneber. Me nyttar handlingsprogram som "steg for steg" og "alle med".

Læring

Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne. Når barn undrar seg over noko, må dei møtast på ein utfordrande og utforskande måte. Denne hausten legg me til rette for leik og læring med matematikk, fysikk, markens grøde og tema om vennskap. (Sjå årsplanen).

Barnehageåret

  • Barnehagen har fem planleggingsdagar i året, sjå barnehageruta under "Snarvegar" nedanfor. 

  • Barnehagen er stengt dei 3 siste vekene i juli. Dei som treng barnehageplass då, får tilbod om å nytta Jettegryto barnehage i Eikelandsosen. 

Søknad

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars. Søknader som kjem utanom dette, vert handsama etter kvart som dei kjem inn. Søknad skal sendast elektronisk. Du finn lenke til søknadsskjema nedanfor.

Søknadsskjema:

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.06.2016
Trollskogen barnehage
Opsalmarka 12, Fusa
5641 Fusa
E-post : fusa.oppvekstsenter@fusa.kommu..
Telefon
: 56 58 23 56

Opningstid
: 07.30-16.30
kontaktperson

Barnehage - Trollskogen barnehage

 

Telefon :
56 58 23 56
E-post :
hildegunn.myrlid.eide@fusa.kommune.no
Tittel :
Styrar barnehage
Bunnhjørne