Strandvik barnehage

Strandvik barnehage held til i nye lokale som er bygd saman med skulen i Strandvik. Opningstider og kontaktinformasjon finn du i til høgre på denne sida.

Lokale og uteområde

Vi held til i eit nytt, lyst og triveleg lokale som er bygd saman med Strandvik montessoriskule. Barnehagen nyttar også gymnastikksalen på skulen. 

I tillegg har vi eit variert og flott uteområde. Vi legg stor vekt på å bruka nærmiljøet og har faste turdagar. Vi har gangavstand til butikk, kyrkje, fjøs, stall, fjell og fjøre. Vi dyrkar urter, driv med eigen kompostering og lagar jamleg mat i bålpanne.

Tilbod

Barnehagen er organisert med to basar: Småstjerno for dei yngste barna og Storstjerno for dei eldste barna. I tillegg deler vi barna i grupper etter alder, til dømes i aktivitetar, samlingstunder og måltid.
 

Vi har fem planleggingsdagar i året og barnehagen er sommarstengt fire veker i juli månad. Dei som treng barnehageplass denne månaden, får tilbod om å nytta Jettegryto barnehage i Eikelandsosen.

Profil

Barnehagen sin profil er «Barn i bevegelse og glad mat». Gjennom dette legg vi vekt på at barna dagleg skal ha mykje og variert bevegelse gjennom leik og aktivitet. Vi har fokus på sunn og variert mat – tora å smaka nye smakar og vita kvifor maten er god for deg: Kålrabi er full av c-vitamin, dei hjelper deg så du ikkje blir så ofte forkjøla.

Trygghet og omsorg

Grunnleggjande i barnehagekvardagen er at barnet kjenner seg sett og tatt vare på. Skal barnet ha ein god utvikling må det også ha ein trygg, god og glad barnehagekvardag. Derfor legg vi stor vekt på å bygge gode relasjonar til kvart enkelt barn. Augekontakt, fysisk kontakt, og å lytta til kvarandre, er gode stikkord her.Barnet skal kjenne at det har vaksne rundt seg som bryr seg om barnet, at det er viktig for dei vaksne at barnet har det godt. Nå barnet er trygg og glad er det også lettare å lære å ta omsyn til dei andre barna i gruppa

Samarbeid barnehage-skule

5-årsklubben og 1. klasse utgjer Skulekameratane. Dei møtest jamleg i løpet av året på skulen og finn på mykje kjekt i lag.

I årsplanen er det elles lagt opp til ulike aktivitetar for alle små og store i barnehage og skule. Du finn lenke til årsplanen nedst på sida.

Søknad
Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. mars.  Me har og eit opptak 1.oktober, dei som ynskjer plass etter nyttår, må ha inne søknad til då.

Søknad skal sendast elektronisk. Du finn lenke til søknadsskjema nedanfor.

Dersom det vert ledige plassar i løpet av eit barnehageår, skal desse plassane tildelast barn som står på prioritert venteliste og barn som har søkt plass utanom opptaka.

Søknadsskjema:

Snarvegar:

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 19.09.2017
Strandvik barnehage
Strandvikvegen 560
5643 Strandvik
E-post : strandvik.barnehage@fusa.kommu..
Telefon
: 56 58 49 77

Opningstid
: 07.00-16.30

Barnehage - Strandvik barnehage

Telefon :
56 58 49 77
E-post :
solveig.vindenes@fusa.kommune.no
Tittel :
Styrar barnehage
Bunnhjørne