Søre Fusa barnehage

Barnehagen har 18 plassar i barnehageåret 2015-2016. Me har vidt utsyn over Bjørnefjorden og kort veg til strand, skog og fjell. Du finn opningstider og kontaktinformasjon til høgre på denne sida.

Søre Fusa barnehage er eit tilbod til barn i ein langstrekt krins, frå Sævareid til Sundfjord/Austefjord/Lygre. 

Motto:

"Her er det godt å vera, me får leika og me får læra!"

Lokale og uteområde

Barnehagen held til i same bygg som Søre Fusa skule, som stod ferdig i 2007. Bygget er nytt og moderne med lyse og trivelege rom.

Me nyttar alle ressursar som fellesskapet i oppvekstsenteret vårt tilbyr. I tillegg nyttar me den flotte og idylliske naturen kring oss til turar i skog, mark og fjøre.

Tilbod

Barnehagen har fem planleggingsdagar i året, sjå barnehageruta under "Snarvegar" nedanfor. 

Barnehagen er stengt i juli månad. Dei som treng barnehageplass denne månaden, får tilbod om å nytta Jettegryto barnehage i Eikelandsosen. Frist for å melda behov for plass i juli er 30. mars.

Samarbeid barnehage-skule

Barnehagen og skulen har treffpunkt kvar veke.

Søknad

Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. mars.  Me har og eit opptak 1.oktober, dei som ynskjer plass etter nyttår, må ha inne søknad til då.

Søknad skal sendast elektronisk. Du finn lenke til søknadsskjema nedanfor.

Dersom det vert ledige plassar i løpet av eit barnehageår, skal desse plassane tildelast barn som står på prioritert venteliste og barn som har søkt plass utanom opptaka.

Søknadsskjema:

Snarvegar:

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 19.09.2017
Søre Fusa barnehage
Neset 25, Baldersheim
5647 Baldersheim
E-post : sorefusa.oppvekstsenter@fusa.k..
Telefon
: 56 58 33 00

Mobil
: 948 70 394
Opningstid
: 07.15-16.30

Barnehage - Søre Fusa barnehage

Telefon :
56 58 33 00
Mobil :
948 70 394
E-post :
Anne-Margrete.Aas.Malkenes@fusa.kommune.no
Tittel :
Styrar barnehage
Bunnhjørne