Jettegryto barnehage

Jettegryto barnehage ligg sentralt i Eikelandsosen med eit spennande uteområde. Barnehagen har inntil 54 plassar og er open heile året. Du finn opningstider og kontaktinformasjon til høgre på denne sida.

Lokale og uteområde

Jettegryto barnehage var ny i 1993 og ombygd i 2001. 

Barnehagen ligg sentralt til i Eikelandsosen, nær skule, samfunnshus, idrettsplass og i gå-avstand til Fjord´n senter med butikkar, post, bank, bibliotek og kommunale kontor. Vi har kort veg til fine turområde. 

Barnehagen har eit stort uteområde som byr på utfordringar for alle. Vi har skog, knausar, busk og brake, ein bekk, kjøkkenhage, ei jettegryte, hytte, disser. Her er det utfordringar for store og små. Uteliv og leik i naturen har ein stor plass hos oss.

 

”Vi ser og høyrer kvarandre i eit utfordrande og inkluderande miljø"

Barnehagen sin viktigaste ressurs er personalet. Vi har eit godt utdanna og stabilt personale. Personalet tek barna og foreldra på alvor og er opptekne av fleksibilitet og kvalitet i tilbodet. Fusa kommune sine verdiar ROMSLEG skal liggja som eit bakteppe for arbeidet vårt i barnehagen, og arbeidet vårt skal vurderast opp mot dette.

I Jettegryto får barna medverka på ulikt vis. Dei yngste uttrykkjer seg gjennom kroppsspråk, mimikk og verbale uttrykk. Dei viser tydeleg kva dei likar eller ikkje likar, kven dei vil vera i lag med eller kva dei vil gjera. 

Dei større barna utrykkjer seg med språk, kroppsspråk, og aktive handlingar. Dei blir tekne med på råd og får seia si meining om ulike saker.


Tilbod

Barnehagen har 3 avdelingar med fast personale: Avd. Skarvet for 1-2-åringar, avd. Hålo for 2-3-åringar og avd. Fossen for 4-5-åringar. Morgon, ettermiddag og ved uteleik er barna i lag på tvers av avdelingane. 

Barnehagen har fem planleggingsdagar i året - sjå barnehageruta i "Snarvegar" nedanfor. Sjølv om Jettegryto har ope heile året, skal barna ha 4 veker ferie (jf. barnehagevedtektene). I juli har vi sommartilbod for barn og personale frå dei andre barnehagane.

Måltidet - eit høgdepunkt

Måltidet er høgdepunktet på dagen. Vi et i små, faste grupper (primærgrupper). Barna dekkjer bord, smør maten sin sjølve, sender mat og hjelper kvarandre. Vi tek oss god tid og praten går. 

Vi legg vekt på fisk og grønt, og serverer varm mat ein eller to gonger i veka. Barna deltek i matlaging, borddekking og rydding.

Samarbeid barnehage-skule

I 5-årsklubben har vi eit tett samarbeid med Eikelandsosen skule gjennom heile året. Andre skular samarbeider vi med ved behov. Leik, samarbeid og sosialt samspel står i fokus, i tillegg til førebuande lese-/skriveopplæring.

Søknad

Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. mars.  Me har og eit opptak 1.oktober, dei som ynskjer plass etter nyttår, må ha inne søknad til då.

Søknad skal sendast elektronisk. Du finn lenke til søknadsskjema nedanfor.

Dersom det vert ledige plassar i løpet av eit barnehageår, skal desse plassane tildelast barn som står på prioritert venteliste og barn som har søkt plass utanom opptaka.


Søknadsskjema:

Snarvegar:

Fotograf: Kjellaug Raunsgard Fotograf: Kjellaug Skage Raunsgard Fotograf: Kjellaug Skage Raunsgard Fotograf: Kjellaug Skage Raunsgard Fotograf: Kjellaug Skage Raunsgard
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.09.2017
Jettegryto barnehage
Brakabygda 49, Eikelandsosen
5640 Eikelandsosen
E-post : jettegryto.barnehage@fusa.komm..
Telefon
: 56 58 10 50

Faks
: 56 58 10 51
Opningstid
: 07.00-16.30
kontaktperson

Jettegryto barnehage

Telefon :
56 58 10 50
E-post :
kjellaug.skage.raunsgard@fusa.kommune.no
Tittel :
Styrar barnehage
Bunnhjørne