Holmefjord barnehage

Barnehagen held til i nye lokale ved Nore Fusa skule på Holmefjord. Sjå opningstider og kontaktinformasjon i rullegardinmenyen til høgre. Barnehagen er godkjent for 60 plassar og har eit stort og fritt uteområde.

Per 01.08.2017 har barnehagen 35 barn som fyller 47 plassar (barn under tre år tel for to plassar). Barnehagen har ti tilsette (her er både heile og deltidsstillingar) i tillegg til reinhaldar.
Me har eit stabilt personale.

Tilbod
Barnehagen flytta til nye lyse lokale 01.05.2015.  Her har barnehagen tre basar og areal til 60 plasser.

Barnehagen har fem planleggingsdagar og er stengt fire veker  om sommaren. Elles er me stengt to dagar i romjula, og i påskeveka . Dei som ønskjer tilbod då, kan nytta Jettegryto barnehage i Eikelandsosen. Fristen for å melda behov om plass i Jettegryto om sommaren er 30. mars. Det blir oftast eit personale med frå barnehagen vår.

Søknad
Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. mars.  Me har og eit opptak 1.oktober, dei som ynskjer plass etter nyttår, må ha inne søknad til då.

Søknad skal sendast elektronisk. Du finn lenke til søknadsskjema nedanfor.

Dersom det vert ledige plassar i løpet av eit barnehageår, skal desse plassane tildelast barn som står på prioritert venteliste og barn som har søkt plass utanom opptaka.

Base og primærkontakt

Barnehagen er organisert i tre basar, "Holmen", "Fjorden" og «Fjæra». Elles brukar ein aldersdelte grupper under namna Eik (5-år), Ask (4-år), Revebjølle (3- og 2-år) og Tiriltunge (1-år). 

Kvart barn har sin primærkontakt. Foreldra veit då kven som har særleg ansvar for å følgja opp barnet. Dersom primærkontakten er borte, overtar sekundærkontakten. I innkøyringsperioden prøver ein å ha begge desse to tettast barnet. Elles er me ikkje større enn at alle ser, og kjenner kvarandre.

Uteområde
Barnehagen har eit stort og fritt uteområde. Plassen er utstyrt med store sandkassar, disser, lastebil, tunnell, rutsjebane, sjørøverskute og god plass til å bevege seg.. Her er utfordringar både til liten og stor.

Me har fleire flotte turområder i nærleiken, både Soppskogen, Kråkeskogen, naturleikeplassen og ballbingen. Rett nedanfor barnehagen ligg det ei fjære. Me brukar fjæra og områda rundt barnehagen flittig.
Leik inne og ute er svært viktig for oss.

Samarbeid barnehage-skule
Påskelunsjen på skulen har vore tradisjon i mange år, det same begynner «nissegrauten» å bli.
5 åringane har gjerne ein fjelltur saman med skuleborna om hausten, og ein om våren. 

Vi prøver å få til ein mjuk overgang frå barnehage til skule, og 1. klassingane verkar alle trygge ved oppstart i august. Femåringane får to dagar med førskule i april-mai. Dei deltek òg på sommarfesten ved skulen i juni.

Søknadsskjema:

Snarvegar:

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 19.09.2017
Holmefjord barnehage
Holmefjord
5642 Holmefjord
E-post : nore.fusa.oppvekstsenter@fusa...
Telefon
: 56 58 29 60

Mobil
: 488 93 667
Opningstid
: 07.00-16.30

Holmefjord barnehage

Telefon :
56 58 29 60
E-post :
bente.adland@fusa.kommune.no
Tittel :
Styrar barnehage
Bunnhjørne