Holdhus barnehage

Holdhus barnehage har 24 plassar og ligg i same bygg som skulen på Holdhus. Du finn opningstider og kontaktinformasjon til høgre på denne sida.

Visjon

"Me kan - me vil - me får det til!"

- omsorg og læring i eit aktivt miljø -

Då skule og barnehage var ei eining, jobba me mykje med å få på plass ein visjon, eit verdigrunnlag og ei pedagogisk plattform. ”Me står på vårt verdigrunnlag, strekkjer oss etter visjonen og lar aktivitetane bli styrt av vår pedagogiske ståstad !”. Sjå Verdigrunnlag og Pedagogisk ståstad under "Snarvegar" nedanfor.

Tilbod

Barnehagen har ei avdeling med barn i alderen 0-6 år. Barna vert delt i grupper etter alder: 5-årsklubb, 4-årsklubb og i samlingsstunder. Me har òg felles samlingsstunder der alle er i lag og leikegrupper som går på tvers av alder. Tema og aktivitetar vert tilrettelagt for dei ulike gruppene. 

Barnehageåret 2015-2016 har me sosial kompetanse og vennskap som tema.

Barnehagen har 5 planleggingsdagar i året - sjå barnehage- og skuleruta.

Barnehagen er stengd i juli månad. Dei som treng barnehageplass denne månaden får tilbod om å nytta Jettegryto barnehage i Eikelandsosen.

Lokale og uteområde

Holdhus barnehage flytta inn i nye lokale i 1998. Det vart då bygd ny barnehage i tilknyting til Holdhus skule. 

Barnehagen og skulen har felles uteområde. Me har også flotte turområde nær tilknyta uteområdet vårt. Skule og barnehage har tilrettelagt eit område i skogen. Her har me slengtau, balansetau og ein flott lavvo. Området blir flittig nytta av både skulebarn og barnehagebarn. Me nyttar òg gymnastikksalen på skulen. Vinterstid har me ski- og akebakkar rundt oss på alle kantar. I tillegg har me ei flott lysløype som startar på uteområdet vårt. Denne har barnehagebarna stor glede av. 

Søknad

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars. Søknader som kjem utanom dette, vert handsama etter kvart som dei kjem inn.

Søknad skal sendast elektronisk. Du finn lenke til søknadsskjema nedanfor.

Søknadskjema:

Snarvegar:

Nistepause i skogsbåten Tur i rulleskiløypa 2012 Ut på tur 2012
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.06.2016
Holdhus barnehage
Holdhus
5640 Eikelandsosen
E-post : holdhus.barnehage@fusa.kommune..
Telefon
: 56 58 51 52

Opningstid
: 07.00-16.30
kontaktperson

Barnehage - Holdhus oppvekstsenter, avd. barnehage

Telefon :
56 58 51 52
E-post :
turid.grimstvedt@fusa.kommune.no
Tittel :
Styrar barnehage
Bunnhjørne