Barnehagetilbod i Fusa

Fusa kommune har seks kommunale barnehagar og ein privat. Eining Barnehage har ansvar for barnehagedrifta. På denne sida finn du meir informasjon om barnehagetilbodet, søknadsfrist, søknadsskjema og lenker til barnehagane.

Søk barnehageplass

Søknad

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars. Søknader som kjem utanom dette, vert stetta så langt råd er.

Søknad skal sendast elektronisk. Du finn snarveg til søknadsskjema ovanfor.

Tilbod

Barnehagane i kommunen vert drivne etter Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagar. Barnehagane i Fusa gjev tilbod om 60 % eller 100 % plass.

Barna skal ha 4 veker ferie. Alle barnehagane utanom Jettegryto er stengde i heile juli. Dei som treng barnehageplass då, får tilbod om å nytta Jettegryto barnehage i Eikelandsosen.

Foreldrebetaling

Dei nasjonale reglane for foreldrebetaling i barnehage er endra f.o.m. 01.05.2015. Familiar/husstandar har no rett til ikkje å betala meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Dette er ei søknadsbasert ordning. Søknader om redusert foreldrebetaling skal sendast til Fusa kommune, eining Barnehage - bruk søknadsskjema.

Søknadsskjema redusert foreldrebetaling

Kommunale barnehagetilbod:

Privat barnehage:

Snarvegar:

Sist endra 20.02.2017
Barnehage
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 94

kontaktperson

Barnehage

Telefon :
56 58 01 94
E-post :
irene.k.foer@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Barnehage

Telefon :
56 58 01 94
E-post :
tonje.tveit.horne@fusa.kommune.no
Tittel :
Sekretær
Bunnhjørne