Familievern

Det er ikkje noko eige familievernkontor i Fusa, men du kan sjølv ta direkte kontakt med ditt næraste familievernkontor: Bergen og omland familiekontor som har kontor i Bergen sentrum. Telefon: 466 19 140

Familieverntenesta gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på førebygging og oppfordrar om å søkja hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktene vert heilt fastlåste. Tilbodet er gratis. 

Foreldremekling

Dersom foreldre med felles barn under 16 år ønskjer å gå frå kvarandre, må dei gjennom ei obligatorisk foreldremekling. Målet med meklinga er å avtala foreldreansvar, kor barnet/barna skal bu fast og samværsordning. Ein slik avtale bør vera skriftleg og skal ta omsyn til kva som er til beste for barnet. 

Familievern- og familierådgjevingskontor står for mekling. Ordninga inneber at sambuarar på lik linje med gifte, må mekla ved samlivsbrot.

I Fusa har vi inga eiga meklingsordning, men vi har avtale om mekling med Os kommune. Innbyggjarar i Fusa har rett til mekling i Os på line med osingar. Meir informasjon finn du på Os kommune si heimeside.

Eksterne lenker:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.12.2015
Helse, familie og velferd
Nye Fjord'n Senter, 2. etasje, Leiro 33 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

kontaktperson

Helse, familie og velferd

Telefon :
56 58 01 77
Mobil :
928 68 355
E-post :
anne.skagseth@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne