Tenester

Teneste er eit omgrep for dei oppgåvene kommunen tilbyr innbyggjarane å løysa. Det gjeld både lovpålagde oppgåver og tenester vi sjølve har teke på oss å tilby.

Vi har sortert tenestene våre i uIike hovudkategoriar. Desse finn du i venstremenyen på denne sida.

LOS-struktur

Denne måten å dela inn eller organisera tenestene på, byggjer på den såkalla LOS-strukturen. Dette er ein felles informasjons- og navigajonsstruktur for offentlege tenester, utarbeidd av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). LOS-strukturen gir oversikt over både kommunale, fylkeskommunale og statlege tenester.

Ein god del av informasjonen under Tenester er spesifikk informasjon for Fusa kommune, men du finn òg generell informasjon om offentlege tenester utarbeidd av Difi. 

Tenesteskildringar

Ei tenesteskildring er konkret informasjon om innhaldet i kvar teneste. Den gjev deg rettleiing og informasjon om korleis du kan gå fram for å få tilgang til tenesta. Nasjonal tjenestekatalog (NTK) er ein sentral database som inneheld skildringar av dei tenestene som kommunen yter overfor innbyggere. Tenesteskildringsartiklane våre er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, medan vanlege artiklar om Fusa kommune sine tenester er eigenproduserte.

Søk

Bruk søkefunksjonen øvst til høgre på sida dersom du har vanskar med å finna fram ved hjelp av menyane.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 02.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service

Telefon :
56 58 01 34
E-post :
ella.marie.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Rådgjevar - permisjon 1.1.-31.12.2017
Bunnhjørne