Søknad om løyve til produksjonsauke ved Sævareid Fiskeanlegg

A/S Sævareid Fiskeanlegg søkjer om løyve etter akvakulturlova til å utvida produksjonen frå 10 mill til 20 mill smolt (sjøklar settefisk) pr år på lokalitet 10141 Sævareid i Fusa kommune. Produksjonen skal føregå under tak, innanfor det området som verksemda disponerer i dag. Vassuttaket vert i tråd med eksisterande konsesjon, og alt avlaup vert reinsa. Opptrapping av produksjonen vil skje gradvis.

Dette er ein privat søknad, men evt. merknader skal sendast til Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen eller pr epost til postkasse@fusa.kommune.no innan 4 veker.

Sjå:

Opplysningar utover dette ligg til offentleg ettersyn i eigen perm på Kommunetunet i Eikelandsosen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.08.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30