Elitemjølk
Kvaliteten på mjølka som bøndene leverer vert målt kvar einaste dag. Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for sin råvareleveranse. Det må nær 5500 dagar med god fjøsdrift og god dyrevelferd til for å kunna motta den eksklusive tina i sylv.
Sylvtina er eit symbol på det langsiktige og møysommelege arbeidet bønder har lagt ned over mange år. Mottakarane av Sylvtina har utført eit imponerande godt arbeid med fokus på kvalitet og grundigheit over lang tid, sier konsernsjef
Hanne Refsholt på
TINE si heimeside.
Andre år på rad
Sylvtina har vore delt ut årleg sidan 1994. Dette er andre gongen bønder frå Fusa har fått denne heideren - første gong var i 2014. I år var det 76 mjølkebønder frå heile landet som fekk sylvtina. Sylvtinene vart overrekte av konsernsjefen og styreleiar Trond Reierstad i TINE ved ein høgtideleg festmiddag i Lillestrøm 21. april.
Bjørnefjorden landbrukskontor gratulerer!