Produksjonstilskot og tilskot til avløysing

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot ved ferie og fritid kan leverast frå og med 1.1.2015. Søknadsfrist: 20. januar 2015. Landbrukskontoret minner òg om den nye forskrifta om produksjonstilskot og avløysartilskot.
 

Landbruksdirektoratet har utarbeid ei ny forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot gjeldande frå og med 1.1.2015. I samband med ny forskrift oppmodar vi alle søkjarane om å setja seg godt inn i det nye regelverket.

Nyttig informasjon

Nyttige kjelder til informasjon finn de på heimesida til Landbruksdirektoratet. Informasjon ligg under tenesta: "Produksjon og marked"
 
Snarveg til rettleiingsheftet - PDF-versjon (PDF, 2 MB)

Snarveg til rettleiingsheftet - webvenleg versjon (for dei med avgrensa internetthastigheit)

Sjå kapittel 1.3 for omtale av den nye forskrifta. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30