Heider til fusabønder for elitemjølk

Ragnhild Bjørke og Magne Gjuvsland frå garden Djupvik i Fusa er heidra med TINE meierier si sylvtine for å ha levert feilfri, frisk og trygg mjølk av ypperste kvalitet kvar einaste dag i 15 år. Det er første gongen bønder frå Fusa får denne utmerkinga.

Elitemjølk

Kvaliteten på mjølka som bøndene leverer vert målt kvar einaste dag. Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for sin råvareleveranse. Det må nær 5500 dagar med god fjøsdrift og god dyrevelferd til for å kunna motta den eksklusive tina i sylv.

Bak desse prestasjonane ligg det dyktigheit og nitidig arbeid, respekt for kua og for yrket – og ei innstilling om at alt skal gjerast skikkeleg, kvar einaste gong, understrekar TINE.

Påskjønning og motivasjon

Målet med heidersprisen er å gje påskjønning til dyktige mjølkeprodusentar og auka interessa for godt fjøsstell, god gardsdrift og levering av mjølk med særdeles god kvalitet, heiter det på TINE si nettside.

Første gong til Fusa

Sylvtina har vore delt ut årleg sidan 1994. Det er første gongen bønder frå Fusa har fått denne heideren. I år var det 117 mjølkebønder frå heile landet som fekk sylvtina. Sylvtinene vart overrekte av konsernsjef Hanne Refsholt og styreleiar Trond Reierstad i TINE ved ein høgtideleg festmiddag i Lillestrøm 22. april.

Bjørnefjorden landbrukskontor gratulerer!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.05.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30