Bioforskkonferansen 2014

Bioforskkonferansen 2014 vart arrangert på Hamar i byrjinga av februar. Husdyr, grovfor, agronomi, kulturlandskp og miljø var mellom tema som stod på dagsorden. Og det vart vist til at det norske familielandbruket er både tilpassingsdyktig og effektivt.

Tilpassingsdyktig og effektivt norsk landbruk

Christian Anton Smedshaug heldt eit spennande foredrag om norsk landbruksforsking gjennom 125 år, og om utviklinga i landbruket i denne perioden (sjå intervju på Bioforsk si nettside). Han la m.a. vekt på at modellen med familiebaserte landbruksverksemder, som vi har i Noreg, er mykje meir tilpassingsdyktig og effektiv enn t.d. store plantasjedrifter, slik dei har i Latin-Amerika. 

Det kom òg fram i foredraget hans at offentleg støtte til landbruket er betydeleg mindre i Noreg enn i EU.

Bok frå konferansen

Sjå samandrag av dei fleste foredraga i boka frå Bioforskkonferansen 2014

Her finn du m.a. desse tema omhandla (sidetal i parentes):

  • Produksjon av både mjølk og kjøt - optimal bruk av norske ressursar (side 49)
  • Moderne mjølkeproduksjon - dyrehelse og -velferd (s. 51)
  • Landskapsarven - saman gjer vi ein betre jobb  (s. 71)
  • Næringsutvikling i landbruket basert på landskap og naturmiljø (s. 73)
  • Sau i Drift-programmet: om klima og val av rase (s. 77), aktivitetsmønster, beiting og vekst (s. 78), sau mot gjengroing (s. 80), kven sluttar i sauenæringa og kvifor? (s. 81)
  • Grovfôr: Matproduksjon på norske arealressursar utan import av fôrråvarer (s. 82), verknad av traktorkøyring på jord, næringsstoffutnytting og engavling (s. 85)
  • Informasjonsplakatar: Teknologi og moderne husdyrhald (s. 133), om kampen mot lyssiv (s. 142), om tap av lam på beite (s. 137), og om gråskimmel på juletre (s. 145)

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.02.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30