Bjørnefjorden landbrukskontor

Fusa, Os, Samnanger og Tysnes har felles landbrukskontor som vart etablert i januar 2004. Tysnes kom med i 2012. Bjørnefjorden landbrukskontor har hovudansvar for oppgåver relatert til landbruk i dei fire kommunane.

Kontordagar

Hovudkontoret ligg i Eikelandsosen, men det er faste kontordagar i alle fire kommunane:

  • Tysnes - tysdag og torsdag. Tlf. 53 43 71 12
  • Os - tysdag og torsdag. Tlf. 56 57 53 23
  • Samnanger - tysdag. Tlf. 56 58 74 48
  • Fusa - alle dagar. Tlf. 56 58 01 00, sjå elles direktetelefonar i lista over tilsette under "Snarvegar" nedanfor

Vi rår til å ringja på førehand for avtale.

Ansvarsdeling

Dei ymse ansvarsområda er fordelt mellom dei tilsette ved Bjørnefjorden landbrukskontor slik:

  • Øystein Svalheim - landbrukssjef: Leiing, økonomi, næringsutvikling, planarbeid, konsesjon.
  • Johan Bergerud - landbrukskonsulent: Skogbruk, Næring og Miljøtiltak i skogbruket (NMSK), landbruksveg, utmark (vilt, jakt, motorferdsel i utmark), planering, nydyrking.
  • Siren Elise Tømmerbakke - landbrukskonsulent: Produksjonstilskot, velferdsordningar/sjukeavløysing, jordlovsaker.
  • Karianne Tveitnes - landbrukskonsulent: Spesielle Miljøtiltak I Landbruket (SMIL), regionalt miljøprogram (RMP), organisert beitebruk/investeringar i beiteområde, forureining, produksjonstilskot, vilt, delingssaker etter jordlova.
  • Martin Skram Vatne - landbrukskonsulent: Produksjonstilskot, gardskart og landbruksregister, miljøtiltak i jordbruket, miljøfyrtårnsertifisør, forureining, drenering, motorferdsel i utmark og viltforvaltning.

Nytt frå landbrukskontoret

nyhendesida vår finn du informasjon om tilskipingar, fristar, kurs m.m.

Næringsutvikling

Har du ein idé eller planar om ny satsing? Avtal eit møte med oss, så skal vi hjelpa deg med å finna rette instansar og personar du kan snakka med. Sjå også nettsidene til Fylkesmannen, Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge.

Nøkkeltal

  • Jordbruksareal i næringsmessig drift (2014-tal): Fusa - ca 14 153 dekar, Tysnes 10 497 dekar, Os - ca 6 300 dekar, Samnanger - ca 2 600 dekar. Tala er basert på tildelt areal- og kulturlandskapstilskot.

  • Søknader om produksjonstilskot (2014-tal): Fusa - 112, Tysnes - 87, Os - 33, Samnanger - 26.

  • Mjølkevolum i liter levert til meieri (2013-tal): Fusa - 2,2 mill., Tysnes - 1,4 mill., Os - 1,5 mill., Samnanger - 0,4 mill.

  • Sauebesetning (2013-tal): Fusa - ca 5 300 dyr, Tysnes - ca 4 500 dyr, Os - ca 820 dyr, Samnanger - ca 1 130 dyr.

  • Produktiv skog i dei fire kommunane: rundt 370 000 dekar.

Snarvegar:

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 24.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson
Bjørnefjorden landbrukskontor
Telefon :
56 58 01 41
Mobil :
958 84 074
E-post :
oystein.svalheim@fusa.kommune.no
Tittel :
Landbrukssjef
Bunnhjørne