Personvernombod

Fusa kommune har felles personvernombod med Bergen og fleire andre kommunar. Personvernombodet skal sjå til at kommunen behandlar personopplysningar i tråd med regelverk og god praksis. Ombodet skal hjelpa tilsette og innbyggjarar med personvernspørsmål.

Ordninga med personvernombod er oppretta av Datatilsynet.

Personopplysningar

Personopplysningar er all informasjon eller vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson. All behandling av personopplysningar er regulert av personopplysningslova. Denne lova skal ivareta personvernet ditt gjennom å setja krav til korleis slike opplysningar skal bli behandla. 

Kva er personvernombodet si oppgåve?

Personvernombodet skal:

  • Hjelpa alle som er registrert med å ivareta rettane sine
  • Sjå til at behandling av personopplysningar blir meldt til ombodet
  • Føra oversikt over behandlinga av slike opplysningar
  • Sjå til at dei som behandlar personopplysningar har system for internkontroll
  • Påpeika brot på lova overfor dei som behandlar personopplysningar
  • Vera kontaktperson for Datatilsynet

Korleis ta konntakt med personvernombodet?

Du kan kontakta personvernombodet i Bergen via

  • e-post: personvernombud@bergen.kommune.no
  • telefon: 55 56 96 96

Personvernombodet kan berre hjelpa med spørsmål som gjeld opplysningar registrert hjå kommunen.

Andre spørsmål må rettast til den verksemda som har registrert personopplysningane, eller Datatilsynet.

Rett til innsyn

Alle innbyggjarar har visse rettar til innsyn i kommunen si behandling av personopplysningar. Du har rett til innsyn i generell informasjon og opplysningane som er registrert om deg. For mindreårige og umyndige har føresette eller verje etter omstenda rett til innsyn i registrerte opplysningar.

Den registrerte har også andre rettar etter lova, som t.d. retten til å retta eller supplera opplysningar.

Innbyggjarar og tilsette, som ønskjer innsyn i behandling av personopplysningar i kommunen, kan kontakta tenesta eller eininga som utfører behandlinga.

Andre spørsmål om personvern kan rettast til personvernombodet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.09.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30

Personvernombod for Bergen kommune og fleire andre kommunar, m.a. Fusa

Telefon :
55 56 96 96
E-post :
personvernombud@bergen.kommune.no
Tittel :
Personvernombod (konstituert)
Bunnhjørne