Opne data

På denne sida finn du datasett som er gjort tilgjengelege som opne data. Opne data er strukturert informasjon som er gjort tilgjengeleg slik at han kan lesast og tolkast av både maskin og menneske. 

Kvifor opne data?

  • Effektivisering og innovasjon: Gjennom opne data vert kunnskap delt både i og på tvers av offentleg og privat sektor. Deling av offentlege data legg til rette for meir samordning og kreativitet.
  • Demokratisering: Med opne data får innbyggjarane lettare tilgang til beslutningsgrunnlag og prioriteringar i offentleg sektor. Ein slik openheitskultur inkluderer eit breiare publikum i dei politiske prosessane.
  • Transparens/Gjennomsiktigheit: Med opne data får alle breiare innsikt i offentlege prosessar. Dette kan medverka til å styrkja tilliten til offentleg sektor og det politiske systemet. 
  • Næringsutvikling: Fritt tilgjengelege data skaper ein ny marknad i form av applikasjonar og nye tenester som inneheld offentleg informasjon.

Fusa kommune vil gjera nokre dokument tilgjengelege i i Excel-format og i CSV-format. CSV-filer er data som er semikolonseparert og er eit format som kan delast på tvers av ulike teknologiske plattformer.  

Datasetta er gjort tilgjengelege under Norsk lisens for offentlege data NLOD v1.0 - sjå lisensteksten.  

Datasett

Barnehage- og skulerute (1.-7. klasse) for Fusa kommune:

Skulerute for Fusa ungdomsskule:

Datagrunnlaget er også tilgjengeleg på Difi - data.Norge.no

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.01.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30