Brukarrettleiing

På denne sida finn du informasjon om korleis nettstaden er bygd opp og korleis du kan navigera på sidene våre.

Navigasjon

Er det vanskeleg for deg å lesa, kan du auka skriftstorleiken ved å trykkja Ctrl + og minka storleiken ved å trykkja Ctrl - . (Sjå elles A+ A a oppe i høgre hjørna).

Lenker på startsida har blå skrift. Inne i artiklane er lenkene understreka, og skrifta vert blå når du held musepeikaren over dei.

Du kan finna fram på sidene våre ved å bruka søkefeltet oppe t.h. eller gå via menypunkta. Finn du likevel ikkje det du leitar etter, kan du ringja ekspedisjonen på tlf 56 58 01 00 eller senda ein epost til postkasse@fusa.kommune.no.

Nyhende

Me presenterer til ei kvar tid tre nyhendesaker med bilete på startsida. For å lesa fleire, kan du trykkja på "Neste" eller "Fleire nyhende" nedanfor nyhendesakene. Frå artikkelsidene kan du gå vidare til nyhendearkivet vårt.

Toppmeny

I toppmenyen finn du diverse informasjon om Fusa og snarveg til tenesteområda våre (sjå meir info om dette nedanfor). Her er òg utlysing av ledige stillingar med elektronisk søknadsskjema og ei sjølvbeteningsside med lenker til skjema av ymse slag. Under menypunktet "Lokaldemokrati" finn du m.a. oversikt over politiske utval, møteinnkallingar og -protokollar og snarvegar til planar m.m.. Organisasjonskart, informasjon om einingane og ansvarsområda i kommunen og lister over tilsette finn du under "Kontakt oss".

Tenester - LOS-struktur

Presentasjonen av tenester på nettportalen til Fusa kommune vart organisert etter det som vert kalla LOS-struktur, då noverande heimesideportal vart publisert i februar 2012. LOS er ein standardstruktur for offentlege tenester, der tenestene er delte inn i 15 tenesteområde.

Du finn dei ni mest brukte i menyfeltet i høgre spalte på framsida: Barn og familie, Bustad og eigedom, Helse, Individ og samfunn, Kultur, idrett og fritid, Natur og miljø, Næring, Omsorg, trygd og sosiale tenester, Skule og utdanning.

Dei andre tenesteområda er: Arbeid, Forbrukarspørsmål, Innvandring og integrering, Rettslege spørsmål, Skattar og avgifter og Trafikk, reiser og samferdsle. Desse tenesteområda kjem opp i menyfeltet i venstrespalta, når du går inn på ei tenesteside. 

Kontaktpersonar for dei ymse tenestene finn du i spalta t.h. på tenestesidene. Der finn du òg kontaktadresser og diverse lenker. På fleire av desse sidene kan du finna svar på mykje av det du måtte lura på under overskrifta "Ofte stilte spørsmål om..." 

Ombygging av tenestesidene

LOS er utvikla av Norge.no. Tanken bak LOS var å samla all informasjon om offentlege tenester på ein stad, uavhengig av om den er kommunal, fylkeskommunal eller statleg. Innhaldsproduksjonen i portalen Norge.no er no endra og dei vedlikeheld ikkje lenger statlege lenker, emneord og hjelpeord knytt til LOS-strukturen. Det vil difor vera ein del "døde lenker" på tenestesidene våre. Vi arbeider med å byggja om desse sidene.

Viktige snarvegar

T.h. på startsida finn du snarvegar til nød- og vakttelefonar, skjema og eit vekslande aktuelt tema. Nedst på sida finn du snarvegar til informasjon om Fusa kommune sin visuelle identitet, høve til å seia di meining, info om kva som skjer i Fusa og snarvegar til andre lokale nettstader.

PDF

Dokument er lagt ut i formatet PDF, i samsvar med tilrådingar for elektronisk datahandsaming i kommunar. For å kunna lesa PDF-dokument, må du ha ein PDF-lesar installert på datamaskina di. Du kan lasta ned t.d. Acrobat Reader eller Foxit Reader.

Tekniske løysingar og design
Den tekniske løysinga til heimesideportalen vår er levert av ACOS. Dei har i tillegg levert kommunen sitt sak/arkiv-system.

Designet til den nye nettportalen er laga av GROM design.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.12.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30