Kunngjeringar og høyringar

Her finn du kunngjeringar og informasjon om plansaker og anna som vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Vanleg utleggsperiode for til dømes reguleringsplanar er seks veker.

Bruk digitalt skjema ved innsending av høyringsuttale til Fusa kommune.

Skjema høyringsuttale

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.01.2016
Høyringar og kunngjeringar
(12.03.2019)

Fellesnemnda har i møte 11. februar 2019, sak 14/2019, gjort vedtak om å leggja utkast til lokal forskrift for vass- og avløpsgebyr ut på høyring. Høyringsfrist: 10. mai 2019.

(12.03.2019)

Lurer du på kva områdeplanen for Eikelandsosen inneheld? Torsdag 14. mars klokka 19 vert det arrangert ope møte om områdeplanen i biblioteket i Kommunetunet. Det vert ein kort gjennomgang av planen ved ABO og høve til å stilla spørsmål. Sjå meir informasjon om områdeplanen i eigen artikkel.

(11.03.2019)

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, vert det varsla oppstart av detaljregulering for fylkesveg 122 Strandvikvegen frå kryss med Dallandsvegen til Djupvik i Fusa kommune. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for gang- og sykkelveg og utbetring på eksisterande køyreveg. Frist for merknader og høyringsuttalar: 15.04.2019.

(27.02.2019)

Eigedomsskattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn på heimesida og i ekspedisjonen til Fusa kommune i Kommunetunet i Eikelandsosen frå og med torsdag 28. februar til og med torsdag 21. mars. Klagefristen er seks veker etter at skattelistene vert lagt ut, eller frå du har motteke skattesetel/faktura for 1. termin.

(27.02.2019)
Kommunestyret godkjende 14.02.2019 (sak 002/2019) detaljregulering for Opsalmarka næringsområde, med følgjande tillegg: «Fusa kommune godkjenner detaljregulering Opsalmarka næringsområde, dat. 09.01.2019 med planid. 124 120 1800. Fusa kommune må arbeida vidare for å vurdera alternative muligheiter for avkøyrsle til området, gjerne i samband med områdeplan for Fusa. Trafikksikring må ha vesentleg betydning i dette arbeidet.» Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-3, 4 og 12. Kommunestyret sitt endelege vedtak om reguleringsplan kan påklagast, jf. PBL § 1-9. Klagesfrist: 20.03.2019.
(18.02.2019)

Det vert møte i kontrollutvalet i Fusa tysdag 19.02.2019 kl. 10 i undervisningsrommet på Os brannstasjon (beredskapsbygget) på Moberg i Os. Merk tid og stad! Møtet er felles for kontrollutvala i Fusa og Os kl. 10-12. Det vert eit kort møte for Fusa kontrollutval etter fellesmøtet. Møtet er ope for alle interesserte. Sjå møteinnkalling og sakspapir. (PDF, 5 MB)

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30