Rullering av trafikksikringsplan

Arbeidet med rullering av trafikksikringsplan er no starta opp og framlegg til planprogram er lagt ut til offentleg høyring med frist 18. juni til å koma med innspel.

Utval for plan og miljø i Fusa Kommune gjorde i møte 10.04.2014 følgjande vedtak (PDF, 63 kB):
Med heimel i plan- og bygningslova §11-12 vert det med dette kunngjort oppstart av arbeidet med rullering av kommunedelplan for trafikksikring i Fusa Kommune.

Trafikksikringsplanen har status som kommunedelplan innanfor samfunnsplanlegginga etter plan- og utbyggingslova, men utan heimel til arealdisponeringar. I den grad det er naudsynt vil ein i dette planarbeidet kunne gje tilrådingar om arealdisponeringar til kommuneplanen sin arealdel.


Med heimel i plan og bygningslova § 4-1 og § 5-2 vert det og kunngjort at planprogrammet (DOC, 2 MB) til trafikksikringsplanen vert lagt ut til offentleg ettersyn. Planprogrammet gjer i korte trekk greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen og opplegget for medverknad. Ein skal og vurdera verknadane for miljø og samfunn, og synleggjere alternativa i planarbeidet.


Frist for å komme med merknader til planprogrammet er seks veker frå denne kunngjeringa, altså til 18. juni 2014. Merknader kan sendast Fusa Kommune på e-post: postkasse @fusa.kommune.no eller på adressa Fusa Kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.05.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30