Rullering av arealdelen til kommuneplanen

Alle kommunar skal ha ein kommuneplan som består av både ein samfunnsdel og ein arealdel. På denne sida finn du informasjon om arbeidet som er i gang med å rullera arealdelen. Målet er at ny arealdel skal vedtakast av kommunestyret sommaren 2015.

Kommuneplan

I følgje plan- og bygningslova (PBL) skal alle kommunar driva planleggingsarbeid for å samordna utviklinga i kommunen: Fysisk, økonomisk, sosialt, estetisk og kulturelt. Kommunane skal både ha ein langsiktig kommuneplan og kortsiktige handlingsplanar. Den langsiktige delen av kommuneplanen er sett saman av ein samfunnsdel og ein arealdel.

Kommuneplanen legg rammene for planlegging, aktivitet og arealbruk i kommunen. Han vert vedteken av kommunestyret, og har eit 12-årsperspektiv.

Kvart 4. år skal det lagast kommunal planstrategi. Gjennom denne skal kommunen ta stilling til om kommuneplanen skal reviderast eller vidareførast utan endringar.

Samfunnsdelen for 2011-2013 "Fusa midt i blinken" (PDF, 2 MB) vart vedteken 22.6.2011. No er arbeidet med rullering av arealdelen i gang. Arealplanleggjar Helle H. Bruland er prosjektleiar.

Arealdelen

Eksisterande arealdel for 2006-2016 vart vedteken av kommunestyret 23.5.2006. Planen består av plankart med føresegner og retningsliner. Han viser bruk og vern av arealet i Fusa. Plankart og føresegner har rettsverknad, jf PBL § 20-6, og skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging i kommunen.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.01.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - plan

Telefon :
56 58 01 00
Mobil :
416 17 873
E-post :
helle.holte.bruland@fusa.kommune.no
Tittel :
Arealplanleggjar
Bunnhjørne