Reguleringsplan for Haganeset

Reguleringsplan for Haganeset på Hafskor, del av gnr 18 bnr 4 m. fl. er lagt ut til offentleg ettersyn. Frist til å koma med merknader er 29. april 2014.

Utval for plan og miljø har i medhald av § 12-10 i plan- og bygningslova og kommuneplanen vedteke å senda reguleringsplan for Haganeset  del av gnr 18 bnr 4 m. fl, Hafskor i Eikelandsosen på høyring og til offentleg ettersyn.

Planområdet er om lag 30 da stort, det grensar i nord til tidlegare fv 48 og i sør til eksisterande hytteområde. Reguleringa samsvarar med arealplanen, og føremålet er innregulering av 12 nye fritidsbustader, ny tilkomstveg og friluftsareal.

Eventuelle merknader skal sendast på epost til postkasse@fusa.kommune.no, alternativt Fusa kommune, postboks 24, 5641 Eikelandsosen innan 29.04.2014.

Dokumenta er også lagt ut i ekspedisjonen i Kommunetunet. Naboar og grunneigarar til planområdet vert tilskrive i eige brev.

Vedlegg:

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 22.03.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30