Prosessen vidare i arealplanarbeidet

Utval for plan og miljø handsama innspela til arealplanen i ekstramøte 17.06.2014. Konsulentfirmaet Asplan Viak går no i gang med konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) før ny politisk prioritering og utarbeiding av sjølve arealplanen.

I møtet 17. juni vurderte Utval for plan og miljø innkomne framlegg mot dei kriteria som kommunestyret tidlegare har vedtatt (PDF, 250 kB).  Av dei omlag 300 innspela som er sendt inn, vert om lag 160  tatt med til vidare vurdering. Det vil seia at det vert utarbeidd konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) av alle potensielle nye byggeområde (bustad, fritidsbustad, nærings- og industriareal, naustområde osb). KU og ROS vert utarbeidd av konsulentfirmaet Asplan Viak, og skal vera ferdig hausten 2014.

KU- og ROS-basert prioritering og samla plan

Til  hausten vert det på nytt ei politisk prioritering, basert på resultata i KU og ROS. På bakgrunn av denne prioriteringa skal det utarbeidast plankart, planomtale, føresegner og retningslinjer, før samla plan  vert lagt ut på høyring med minimum 6 vekers høyringsfrist.

Målet er å leggja arealplanen ut på høyring i januar/februar 2015. Kommunestyret har som mål å vedta arealplanen i junimøtet i 2015.

 

Oppdaterte saksvedlegg etter møtet 17.06.2014:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.06.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30