Visjon og slagord

Visjonen vår er "Fusa - midt i blinken!". Utgangspunktet er geografi, særpreg og tradisjonar.

Fusa – midt i blinken!
Vi vil strekkja oss etter å vera ein frisk, positiv, offensiv og aktiv kommune, gjerne litt dristig, kreativ og spennande, og samtidig trygg og robust både som naturkommune, bukommune og arbeidskommune. Vi skal yta treffsikre kommunale tenester. Det krev både godt blikk, rask reaksjonsevne og nytenking. 

Fusa skal møta utfordringar offensivt og vera synleg på ein positiv måte. Fusa skal vera midt i blinken!

Visjon og slagord
Fusa - midt i blinken! er både visjon og slagord for Fusa kommune. Utgangspunktet er geografi, særpreg og tradisjonar. Fusa ligg midt på fylkeskartet, i Midthordland – midt i Hordaland. Fusa har stolte tradisjonar som skiskyttarkommune – med OL-, VM- og verdscupmedaljar i alle valørar, deltakarar i fem OL på rad, landslagstrenarar, spisskompetanse, miljø og anlegg.

Kvifor er Fusa midt i blinken for deg?

Dette spørsmålet stilte vi under arbeidet med Fusa kommune sin visuelle profil og kommuneplanheftet.

Det er opp til kvar enkelt fusing å definera kva som opplevest som midt i blinken her i Fusa. Nokre av desse utsegna finn du i kommuneplanheftet (PDF, 2 MB) og nokre finn du på startsida vår.


Midt i blinken-varemerke

GROM design har laga eit varemerke knytt til "Fusa midt i blinken", som lag og organisasjonar, arrangørar og næringsliv i Fusa kan bruka på plakatar, annonser, brosjyrer, nettsider o.l.

Det kan lastast ned fritt frå Designmanualen på startsida vår.

varemerke
Fusa midt i blinken-varemerke stort
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.06.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30