Raphaël Poirée

Den franske fusingen Raphaël Poirée var med og dominerte internasjonal skiskyting i 15 år. Han kan visa til 17 VM-medaljer, 3 OL-medaljer og 103 pallplasseringar i verdscupen. No er han busett i Hålandsdalen.

Raphäel Poirée (f.9.8.1974) vart fødd i Rives og voks opp i La Chapelle en Vercors i Frankrike. Han gjekk på idrettsgymnas i Villard-de-Lans. Yrkesmessig var han knytt til militæret, slik det er vanleg for skiskyttarar i fleire europeiske land. Han har ein yngre bror, Gael (f. 1978), som òg har drive skiskyting på elitenivå.

Raphael starta sin internasjonale skiskyttarkarriere i 1994, då han vart dobbel junior-verdsmeister.

World Cup-meister
Raphael vart nr. 17 samanlagt i verdscupen allereie i sesongen 1995/96. I 1998 vann han sin første verdscupsiger i Ruhpolding, og denne sesongen vart han nr. 5 samanlagt. Sidan har samanlagtresultatet ikkje vore dårlegare enn det.

Frå sesongen 1999/2000 vann han verdscupen samanlagt tre år på rad. Den sesongen han vart far for første gong - 2002/03 - vart det 4. plass. I jubelsesongen 2003/04 vann han det meste og sjølvsagt også verdscupen. 2004/05 vart det 3. plass samanlagt og året etter 2. plass.

Raphael Poirée avslutta ein fantastisk karriere med tidenes mest spennande fellesstart i Holmenkollen i 2008. Det måtte målfoto til for å skilja dei to store skiskyttarprofilane dei siste 10-15 åra, og Ole Einar Bjørndalen vart dømd ein tåspiss føre.

Uansett slo Raphael fast for all ettertid at han har vore ein av dei beste skiskyttarane i verda dei siste 15 åra: 103 pallplassar i verdscupen, derav 44 sigrar, 39 andreplassar og 20 tredjeplassar, 4 samanlagtsigrar, 1 andreplass og 1 tredjeplass.

VM-medaljegrossist
I 1998 fekk Raphael si første VM-medalje som senior: Bronse på jaktstarten i Pokljuka. I 1999 vart han militær verdsmeister på 20 km. Og i 2000 vart han verdsmeister på fellesstarten i Holmenkollen jubeldagen 26. februar – same dag som Liv Grete Skjelbreid tok VM-gull.

Fellesstarten med kampen mann mot mann har vore Raphaël som store distanse, og sidan 2000 har han teke medalje på kvar einaste VM-fellesstart: Gull i Pokljuka 2001, bronse i Khanty-Mansijsk 2003, gull i Oberhof 2004 og bronse i Hochfilzen 2005.

Oberhof vart det dåverande ekteparet Raphael og Liv sitt VM - han tok medalje på alle distansar: gull på normal, sprint og fellesstart, sølv på jaktstarten og bronse på stafetten. Til saman har han 7 VM-gull - 6 individuelle og 1 i stafett, 3 VM-sølv - 2 individuelle og 1 i stafett, 7 VM-bronsemedaljer - 5 individuelle og 2 i stafett.

3 OL, 3 medaljer
Raphael har delteke i tre OL og har kapra like mange OL-medaljer. I 2002 sikra han seg sølvmedalje på jaktstarten og bronse på stafetten, og i San Sicario 2006 ein ny stafettbronse etter ein thriller av ein innspurt!

Raphael la opp før sesongen var over i 2008. Han gav seg på topp: Då låg han an til å vinna verdscupen samanlagt, men han ville avslutta på heimebane i Holmenkollen. Draumen var gått i oppfylling - og det var tid for nye draumar.

Raphael Poirée gifta seg med Liv Grete Skjelbreid i 2000. Dei har tre døtrer. I 2011 opna dei "hytta"/kurs- og konferansesenteret Skjelbreid Poirée på Skjelbreid i Hålandsdalen. Dei skilde lag kort tid etter, men begge er framleis busette i Fusa.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30