Liv Kjersti Eikeland

Liv Kjersti Eikeland er den siste OL-deltakaren frå Fusa. Ho har vunne det meste som rekrutt og junior, og nådde heilt fram til elitelagsplass og pallplassering i verdscupen.

Liv Kjersti Eikeland (f. 20.3.1979) kjem frå Eikelandsosen i Fusa. Ho er den yngste av fire systre. Alle har gått skiskyting, akkurat som kusinene på Skjelbreid. Liv Kjersti byrja med skiskyting i Hålandsdal IL då ho var 8-9 år, og ho var òg mykje med på langrenn. Ho har alltid vore ekstremt treningsvillig.

Liv Kjersti vann det meste innan kretsen og på Vestlandet (KM og VM). Ho konkurrerte saman med den eitt år eldre Gro Marit Istad frå Voss, og dei byttest om å vinna. I 1994 deltok ho i sitt første hovudlandsrenn, og der synte ho at ho var den beste 14-åringen i landet på normalprogrammet. På sprinten vart ho nummer to, og ho gjekk på Hordaland sitt lag som vann stafetten. Året etter vann ho sprinten.

Liv Kjersti begynte på skigymnas på Geilo hausten 1995, og i sin første sesong som junior tok ho bronse på sprinten i junior-NM 1996. Året etter vart ho junior-noregsmeister på sprint. Ho stilte òg i senior-NM som 18-åring. Der vart ho nummer fem på sprinten og vann stafetten saman med kusinene Ann-Elen og Liv Grete Skjelbreid. Ho var òg med på junior-NM i spesiallangrenn og tok bronse på 10 km friteknikk.

I 1998 nådde den framoverstormande skiskyttaren frå Fusa ein ny milepæl og markerte seg sterkt internasjonalt: Ho vart junior-europameister på normalprogrammet, og tok bronse på jaktstarten. Ho deltok òg i junior-VM i Canada, og der var ho med på å vinna stafetten saman med ikkje ukjende Linda Tjørhom og Gro Marit Istad. I junior-NM vart det òg stafettgull.

Liv Kjersti var ferdig på skigymnaset på Geilo våren 1998, og begynte så på grunnfag i idrett på Meråker vidaregåande skule. Den treningsivrige jenta fekk for mykje, og måtte ta pause på grunn av overtrening. Hausten 2000 flytta ho til Lillehammer og kombinerte studiar og trening. Ho har teke mellomfag i pedagogikk og utdanna seg til førskulelærar.

Amors piler traff fusajenta under militær-VM i 2000, og den utkåra var den svenske skiskyttaren Carl-Johan Bergman. Dei gifta seg i Fusa etter at ho la opp i 2010 og bur på Mesnali ved Lillehammer.

Liv Kjersti hadde plass på juniorlandslaget medan ho var junior, og sidan på rekrutteringslandslaget til ho takka nei før 2003/04-sesongen. Då fekk ho tilbod om å trena saman med det svenske landslaget, og Wolfgang Pichler vart Liv Kjersti sin personlege trenar. Sesongen 2006/07 takka ho ja til elitelaget, og der var ho i to sesongar.

Stafettgull og kongepokal
Liv Kjersti har vore med på å ta fleire stafettgull saman med kusinene Ann-Elen og Liv Grete. Det store NM-gjennombrotet individuelt fekk ho i 2003, då ho tok to sølv og ein bronse i tillegg til stafettsølv. Året etter vart det kongepokal etter siger på sprinten!

2. plass i World Cup
Liv Kjersti Eikeland debuterte i verdscupen i Ruhpolding i 1999. Gjennombrotet i verdscupen kom ved sesongslutt i Holmenkollen 2003/2004, der ho gjekk inn til ein flott 7. plass på sprinten og vart nr. 17 på jaktstarten. I tillegg var ho med på stafettlaget som vann i Kontiolahti. 2004/05-sesongen sleit ho med sjukdom etter ein god start: nr. 11 på normalen i Kollen og 18 på sprinten i Pokljuka, og ikkje minst siger i eit prestisjefylt showrenn i Tyskland i romjula saman med Ole Einar Bjørndalen. I 2006 greidde ho karrierebeste i verdscupen, då ho vart nr. 2 på normalprogrammet i opningsrennet i Østersund etter 19 treff.

VM og OL
I 2005 fekk Liv Kjersti delta i sitt første senior-VM, og gjorde ein respektabel debut med ein flott 16. plass på normalprogramnmet. På stafetten vart det 5. plass på det norske laget. I sin siste sesong som aktiv i 2010 deltok ho i OL i Vancouver, der dei norske jentene greidde ein 4. plass på stafetten.

Liv Kjersti har hatt sin styrke på skytebanen. I sesongen 2003/04 var ho oppe i ein imponerande treffprosent på liggjande skyting på 94! Sakte, men sikkert trente ho seg òg oppatt etter overtreningsknekken, og ho fekk stadig større fart i sporet. Ho var heile karrieren ein habil rulleskiløpar og tok fleire NM-medaljar på hjul.

100-0001_img - Kopi Fusabiathlongjengen - Kopi Fusingar frå 3land haust 046 IMG_6025 IMG_6026 IMG_6078 IMG_6393 IMG_6409 IMG_6420 IMG_6422 IMG_7053 IMG_7068 IMG_7071 IMG_7145 IMG_7158 IMG_7182 IMG_7190 IMG_7203 IMG_7257 IMG_7262 IMG_7263 IMG_7874 IMG_7907 Liv Kjersti&CarlJohan LivKjersti Beito06 Skiskyttargjengen - Kopi Skytebane utkast
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.07.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30