Liv Grete Skjelbreid

Liv Grete Skjelbreid er ein av dei største profilane på kvinnesida som norsk skiskyting har hatt. Kombinasjonen av eventyrleg sportsleg suksess og eit sprudlande og vinnande vesen gjorde den jordnære fusajenta til ein publikumsyndling.

Liv Grete Skjelbreid (f. 7.7.1974) er yngst av tre systrer og starta karrieren med delt 4. plass i ljosløype-cupen på Holdhus i klasse 5-6 år i 1980. I 1987 var ho suveren på Vestlandet i sin klasse (12-13 år) og vart dobbel vestlandsmeister.

NM-dronning
Sine første NM-gull tok ho alt i 1994 - på stafetten og i lagkonkurransen. I 1995 tok ho sin første individuelle NM-medalje som senior med sprintsølv. I 1997 byra ho å vinna individuelle NM-gull, og seinare er ho blitt ståande som NM-dronninga med heile 13 individuelle gullmedaljer.

Liv Grete fekk plass på elitelaget (kvinnelandslaget) i 1995, og same året debuterte ho i verdscupen.



World Cup
Det store gjennombrotet i verdscupen kom i 1998, då ho vart nummer to på 15 km i Anterselva i Italia. I 1999 tok ho steget heilt til topps i tyske Oberhof. I heile karrieren tok ho til saman 22 individuelle verdscupsigrar, 15 andreplassar og 9 tredjeplassar. Samanlagt vart ho nr. 2 både i 2000/01 og 2001/02. Ho hadde svangerskapspermisjon 2002/03, og vann verdscupen samanlagt i comeback-sesongen 2003/04. Sesongen 2004/05 var ho mykje sjuk. I den siste sesongen 2005/06 vart ho nr. 12 samanlagt og vann jaktstarten i Ruhpolding.



OL
Liv Grete har delteke i tre vinter-OL. I Nagano i 1998 fekk ho bronsemedalje på stafetten saman med storesyster Ann-Elen. I Salt Lake City 2002 vart ho den første norske kvinna med individuell OL-medalje i skiskyting, då ho greidde sølv på den innleiande 15-kilometeren. På stafetten vart det også sølv – igjen saman med storesyster. I San Sicario/Torino-OL i 2006 var ho nære på gullet på normalprogrammet (15 km) heilt til siste skyting, men vart ståande med ein 6. plass som beste individuelle resultat.

VM-merittar
Liv Grete vart nr. 7 på sprinten allereie i Ruhpolding-VM 1996. Året etter var ho med og vann gull i lag-VM og sølv på VM-stafetten. VM-2000 i Oslo vart Liv Grete sitt meisterskap med dobbelt gull - på sprinten og på fellesstarten. Og dette i ein sesong der ho hadde vore sjuk i lengre tid. Året etter tok ho medalje i alle valørar i Pokljuka og vann jaktstarten. Oberhof-VM 2004 vart det dåverande ekteparet Liv Grete og Raphael Poirée sitt VM: 4 gull i comeback-året etter mammapermisjonen imponerte alle! I tillegg tok Raphael 3 gull, 1 sølv og 1 bronsemedalje.

Skiskyttardronninga vår la ski og børse på hylla etter 2005/06-sesongen. Ho er no mor til tre jenter og driv "hytta" og kurs- og konferansesenteret Skjelbreid Poirée på Skjelbreid i Hålandsdalen. I tillegg er ho ekspertkommentator for NRK, og ho har vore trenar for Team Statkraft Hordaland fleire sesongar.

Liv Grete Skjelbreid fekk Fusa kommune sin kulturpris i 2004. Ho har fått Fusa idrettsråd sin ærespris og er æresmedlem av Hålandsdal IL. Ho er òg kåra til Årets forbilde på den nasjonale idrettsgallaen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30