Fusa i OL

Fusa har hatt 6 deltakarar i vinter-OL. Me snakkar om søstrene Skjelbreid, kusine Liv Kjersti Eikeland og ektemakar frå Voss, Frankrike og Sverige. Til saman har dei sytt for 10 OL-medaljer.

Pioneren Ann-Elen

På kvinnesida har me hatt deltakarar nesten så lenge som skiskyting har stått på OL-programmet. Første gongen kvinnene fekk lov til å delta i OL-skiskyting, var i Albertville i 1992. Då var Ann-Elen Skjelbreid heimeverande reserve.

Sidan deltok ho i dei tre neste OL: Lillehammer 1994, Nagano 1998 og Salt Lake 2002. Ho kan skilta med både bronse og sølvmedalje frå dei to siste OL-stafettane.

Første individuelle kvinnemedalje

Liv Grete Skjelbreid debuterte med stafettbronsen i Nagano i 1998. I Salt Lake tok ho som første norske kvinneskiskyttar ei individuell OL-medalje: Sølv på 15 km. I tillegg var ho ankerkvinne på stafettlaget og sikra OL-sølv til Noreg. I hennar siste OL, Torino 2006, vart 6. plass på jaktstarten beste resultat.

Liv Kjersti Eikeland var med på det norske stafettlaget i OL i Vancouver i 2010, som tok 4. plass.

Gullvinnaren Egil

Egil Gjelland deltok i to OL: Nagano 1998, der han tok stafettsølv, og Salt Lake 2002. Her var han med på det norske gullaget på stafett. Han er såleis den einaste fusingen med OL-gull.

Franske Fusa-medaljer

Den tidlegare ektemannen Raphaël Poirée har delteke i dei same tre OL som Liv Grete. Han tok også ei individuell sølvmedalje (jaktstart) og losa det franske laget inn til bronse på stafetten. Denne bragda gjentok han i Torino-OL 2006.

Svensk assosiert fusing

Carl-Johan Bergman, Liv Kjersti sin svenske ektemake, har delteke i heile fire OL: Salt Lake 2002, Torino 2006, Vancouver 2010 og Sotsji 2014.


Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30