Egil Gjelland

Egil Gjelland hausta sine største sigrar som aktiv skiskyttar på stafett, og han er den einaste i Fusa som kan skilta med OL-gull. No har han suksess som trenar for det norske elitelaget for kvinner.

Egil Gjelland (12.11.1973) er frå Voss og representerte Voss Skiskyttarlag som aktiv løpar. Han begynte med skiskyting i 14-15-årsalderen etter å ha drive med kombinert før.

Trenar Olav Istad fortel at han synte stor treningsiver, sette seg klare mål og merkte seg tidleg ut for å ha hovudet klart i pressa situasjonar. Det siste har gjort han til ein stødig stafettløpar. Som junior tok Egil stafettgull i jr.-NM 1992 og sølv på normalen i jr.-NM 1993. Det året deltok han også i junior-VM, der han vart nr. 12 på normalen.

Eliteløpar
Egil hadde frå starten av sin styrke på skytebanen og mangla litt fart i sporet i høve til dei raskaste norske lagkameratane. Difor var det normalen (20 km) som først og fremst var hans distanse. Han var oppe i ein treffprosent på 90 på liggjande skyting og 84 på ståande. Etter kvart fekk han òg opp større fart i sporet og gjorde det bra på sprintdistansane.

Egil Gjelland vart Noregsmeister i stafett som førsteårssenior i 1994. Då tok han òg NM-sølv for lag. Seinare har han teke 2 individuelle NM-gull: På normalen i 2002 og på sprinten i 2003, og han har fleire 2. og 3. plassar.

I 1995 deltok han internasjonalt i Europacupen, og i den tredje seniorsesongen sin, 1995/96, kom han med på HV-laget (rekrutteringslandslaget), der han hadde Knut Skjelbreid som trenar!

Han debuterte i VM i 1996, med 4. plass både i stafett og lagkonkurransen og 36. plass på 20 km. Dette året kom han med på elitelaget. Egil etablerte seg etter kvart som skiskyttar i verdstoppen. I 1998 var han med og tok VM-gull i lagkonkurransen for Noreg.

Dei beste individuelle plasseringane hans i VM er 4. plass på sprinten og 5. plass på jaktstarten i Pokljuka i 2001 og 6. plass på normalen i Khanty-Mansiysk i 2003.

Verdscup-karrieren
Egil Gjelland debuterte i verdscupen i 1996. Første gong på pallen i verdscupen var i 1998, då han vart nr. 2 på 20 km i Pokljuka. I 2005 vann han sitt første individuelle verdscuprenn på jaktstarten i Østersund. Elles har han to 2. plassar, fire 3. plassar og seks 4. plassar.

Den beste verdscupsesongen hans var 2001, då han vart nr. 7 samanlagt. Dei følgjande fire sesongane var han nr. 12 og 13 samanlagt.

Stafettmeister
Egil har heile sin karriere vore ein stødig stafettmann, og han var lenge fast på startetappen på det norske laget. Han begynte stafettbravadane med NM-gull som junior i 1992, sidan har det blitt NM-gull som senior (1994) og tre gonger NM-bronse (2000, 2002, 2005).

Frå VM-stafettane har han gull (2005), to sølv (1997 og 2000) og ein bronse (2001). I tillegg har han gull frå sommar-VM (1997).

I verdscupen har han vore med på 11 stafettsigrar, 11 andreplassar og 5 tredjeplassar med det norske landslaget frå 2000 til 2005.

Egil har delteke i to OL: Nagano 1998 og Salt Lake 2002, og kome heim med ei sølvmedalje og ei gullmedalje frå OL-stafettane!

Sjukdom øydela OL-sesongen 2006, og han miste plassen på elitelaget. Han satsa likevel vidare og fekk ein god sesong, der han m.a. vart individuell europameister.

Det største i karrieren er nok OL-gullet i 2002 og VM-gullet i 2005.

Egil Gjelland gifta seg med Ann-Elen Skjelbreid i 2002. Dei har overteke heimegarden hennar på Skjelbreid i Hålandsdalen i Fusa og har to døtrer. Egil la opp etter sesongen 2006/07.

Sommaren 2007 tok han fatt på trenarjobb for kretslaget Team Statkraft Hordaland. Han fekk òg lagleiaroppdrag for landslaget (E-cup-laget) og takka så ja til å dela trenarjobben for rekrutteringslandslaget (menn) med Raphaël. Etter eitt år saman og eitt år åleine med rekrutteringslandslaget overtok Egil Gjelland som hovudtrenar for elitelaget for kvinner sesongen 2010/2011. Han er utdanna snikkar/tømrar og driv mangesysleri som bonde på Skjelbreid, instruktør på teambuilding og landslagstrenar.

10 10 100-0001_img - Kopi - Kopi 124_2496 124_2498 125_2511 docu0001 docu0009 EgilpåBeito Fusabiathlongjengen - Kopi - Kopi IMG_0212 IMG_0226 IMG_0241 IMG_0249 IMG_1966 IMG_6020 IMG_6029 IMG_6031 IMG_6032 IMG_6033 IMG_6034 IMG_6036 IMG_6105 IMG_6433 IMG_6440 IMG_7699 IMG_7853 IMG_7870 - Kopi IMG_7873 - Kopi Medaljeskåp - Kopi OL-gull Egil Salt Lake City 2002 OL-sølv Egil Nagano 1998 Picture 087 - Kopi Picture 108 Picture 116 - Kopi - Kopi Skiskyttargjengen - Kopi Trenaress - Kopi - Kopi
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.07.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30