Ann-Elen Skjelbreid

Ann-Elen Skjelbreid tok VM-gull som junior i 1991. Ho er den som bana veg og viste at det går an å lukkast sjølv om ein kjem frå ein liten klubb i ein snøfattig kommune.

Ann-Elen Skjelbreid (f. 13.9.1971) var første fusing i verdscupen, først på elitelaget, først i OL, først med individuelt NM-gull, først med lag-gull i VM, først på sigerspallen i verdscupen og først med individuell VM-medalje.

Ho er oppvaksen på garden Skjelbreid i Hålandsdalen i Fusa kommune som den mellomste av tre systre. Ho starta med skiskyting som 11-åring, og gjekk til topps i hovudlandsrennet (NM for rekruttar) som 14-åring. 

Etter ungdomsskulen bestemte ho seg for å gå skigymas i Trysil for å utvikla seg som skiskyttar, og dei gode snøforholda der gav resultat for Fusa-jenta. I 1990 vann ho Noregscupen i klasse eldre junior. Ho var ferdig på skigymnaset våren 1990, men bestemte seg for å bli verande i Trysil. I 1991 begynte ho på lærarskulen på Elverum, og ho har teke utdanning ved sida av å driva toppidrett. Ann-Elen flytta attende til Fusa og heimegarden Skjelbreid i 1996. 


Juniorverdsmeister!
Som 18-åring fekk Ann-Elen plass på det norske laget til junior-VM i Finland i 1990, og debutanten gjorde sine saker svært bra: Stafett-sølv, 4. plass på normalen, 5. plass i lagkonkurransen og 10. plass på sprinten. Ho var med på juniorlandslaget sesongen 1990/91.


Som sisteårsjunior i 1991 nådde ho det store målet: Verdsmeistertittel på sprinten under VM i Ungarn etter feilfri skyting. Ingen norsk jente hadde blitt juniorverdsmeister i skiskyting før! I tillegg kunne ho ta med seg heim eit nytt stafettsølv.

Eliteløpar
Som førsteårssenior fekk Ann-Elen plass på Skiskyttarforbundet sitt rekrutteringslag ”Team -94” der ho var med frå 1991 til 1993.


Ho vann sitt første senior-NM-gull i lagkonkurransen i 1992 (for Hedmark). I tillegg tok ho bronse på sprinten og sølv på stafetten. NM-innsatsen gav henne plass i verdscuptroppen, og ho debuterte i Ruhpolding i januar 1992.
I 1994 kom Ann-Elen med på det norske skiskyttarlandslaget (elitelaget), og ho var med og tok VM-sølv i lagkonkurransen.


Det første NM-gullet for Hordaland tok ho på stafetten i 1994 saman med systera Liv Grete. Ho vart Noregsmeister på sprinten i 1995. I tillegg tok ho bronse på normalen og sølv på stafetten. Seinare har det blitt eit lass med NM-medaljar, og i 2003 kom NM-gull nummer to, då ho vann normalprogrammet (15 km).

Verdscupkarrieren
Første sesongen hennar i verdscupen var 1992 – då vart ho nummer 48 samanlagt. Den første pallplasseringa hennar kom i 1996 med ein 2. plass i Osrblie. Ho har til saman fem 2.plassar i verdscupen.


Den beste sesongen hennar var i 1998, då ho vart nummer 9 samanlagt. Også 1999-sesongen var svært god. Då tok ho m.a. 2. plassen på verdscup-sprinten i Holmenkollen (prøve-VM), og ho vart nr. 10 samanlagt i verdscupen. Ho har vore mellom dei 25 beste i meir enn 65 verdscuprenn.

VM-karrieren
Ann-Elen har ei individuell VM-medalje som senior: Sølv frå sprinten i Ruhpolding i 1996. Elles har ho fleire plasseringar mellom dei 10 beste. I øvinga lagkonkurranse har ho VM-gull frå 1995 og 1997, og VM-sølv frå 1994 og 1998. Ho var med på det norske stafettlaget som tok VM-sølv i 1997 og bronse i 1995.

OL-karrieren
Ann-Elen har vore med i heile tre OL: Lillehammer-94, Nagano-98 og Salt Lake City 2002. Individuelt har ho ikkje lukkast heilt i OL, men 17. plass på sprinten i sitt første OL på Lillehammer er ein prestasjon det står respekt av, og likeeins 22. plassen på 15 km i Salt Lake City. Stafettresultata har blitt betre og betre: 4. plass på Lillehammer, bronse i 1998 og sølv i 2002.

Langrenn
Ann-Elen er òg noregsmeister i langrenn frå stafetten i 1995, då ho var med på stafettlaget til Trysilgutten.

Ærespris
Sommaren 2002 gifta Ann-Elen seg med skiskyttaren Egil Gjelland. Dei har to døtrer. Etter 2005/06-sesongen la ho ski og børse på hylla, og byrja som bonde og lærar. Ho har bygd opp skiskyttartilbodet på Fusa vidaregåande skule. I tillegg har ho vore kretstrenar for Hordaland skiskyttarkrets/Team Statkraft Hordaland, og ho er instruktør på teambuilding hjå Skjelbreid Poirée.

I 2011 fekk Ann-Elen Skjelbreid Fusa idrettsråd sin ærespris - for innsatsen som aktiv internasjonalt og som trenar lokalt.

00000447 00000475 100-0001_img - Kopi Fusabiathlongjengen - Kopi haust 076 IMG_0220 IMG_0229 IMG_1927 IMG_1955 IMG_5993 IMG_5998 Medaljeskåp Picture 087 Picture 101 Picture 116 - Kopi Picture 123 - Kopi Liv Grete, Ann-Elen, Liv Kjersti, Raphaël, Egil og Carl-Johan i Fusa | Fotograf: EMBV Raphaël Poirée, Liv Grete S. Poirée, Ann-Elen Skjelbreid og Egil Gjelland som trenarar for kretslaget Team Statkraft Hordaland. | Fotograf: EMBV
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.07.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30