Hålandsdalen - skiskyttardalen

Fusa og Hålandsdalen er verdskjent for sine skiskyttarar. Søstrene Liv Grete og Ann-Elen Skjelbreid har saman med ektefellene Raphael Poiree og Egil Gjelland teke over 50 medaljar i VM og OL.  Skiskyttarhistoria går attende til 1960-talet, og her har særleg Hålandsdalen har vore eit kjerneområde for denne idretten i Hordaland.

Søstrene Skjelbreid

Opp gjennom åra har Hålandsdal skyttarlag og seinare Hålandsdal idrettslag hatt mange løparar som har hevda seg godt både regionalt og nasjonalt. Det tok skikkeleg av internasjonalt med søstrene Ann-Elen (f. 1971) og Liv Grete Skjelbreid (f 1974). 

Juniorverdsmeister Ann-Elen

Ann-Elen tok VM-gull som junior i 1991. Ho var med i OL på heimebane i 1994 og tok sølv i VM i 1996. Saman med Liv Grete gjekk ho på det norske stafettlaget som tok bronse på stafetten i OL i Nagano 1998. Då vart det folkefest på Fjord'n senter i Eikelandsosen etter heimkomsten. 

VM-dronning Liv Grete

Det tok heilt av med Liv Grete sine to VM-gull i Holmenkollen i 2000. Under VM-festen kom kunngjeringa om etableringa av Fusalauget, eit eige sponsorlaug for å støtta opp om dei lokale heltane og hjelpa dei fram mot OL i 2002. Seinare vart også Fusa Biathlon Fanclub skipa for dei mange som ville vera med å heia dei fram. 

I 2002 vart det stafett-sølv i OL i Salt Lake City til søstrene og individuelt sølv på Liv Grete. VM i Oberhof i 2004 vart det store høgdepunktet i karrieren til Liv Grete med 3 individuelle gull og stafettgull. Etter denne jubelsesongen, der ho også vann verdscupen samanlagt, fekk Liv Grete tildelt Fusa kommune sin kulturpris. Etter OL i Torino i 2006 sa Liv Grete takk for seg som aktiv løpar.

Rekruttering

Liv Grete Skjelbreid og Raphaël Poirée, Ann-Elen Skjelbreid og Egil Gjelland har sytt for ein fantastisk medaljefangst i VM, OL, og verdscup og gitt fusingane mange rike minne. Dei fire toppane har heller ikkje lege på latsida etter at dei la opp. Dei er svært engasjerte i få fram nye talent og har vore med som trenarar på kretslaget for junior/senior Team Statkraft Hordaland og er pådrivarar i heimemiljøet. Ann-Elen er trenar for skiskyttartilbodet ved Fusa vidaregåande skule. Egil har vore suksessrik landslagstrenar både for det norske kvinne- og herrelandslaget.

Dei har også vore involverte i bygging av nye anlegg. Sommaren 2008 opna rulleskibane på Holdhus, den første i sitt slag i Hordaland. Det er også bygd ny ski stadion i fjellet for å få meir snøsikre løyper. Bygdastølen skianlegg stod klart til å arrangera konkurransar i langrenn og skiskyting vinteren 2008/2009.

I 2008 tok Sondre Eide frå Hålandsdalen sølv på stafetten i junior-VM. Dei siste åra har HIL henta fleire medaljer både i junior-NM og i hovudlandsrenn (NM for aldersbestemte klassar). Det gjev von om at nye talent er på veg og at skiskyttardalen har ei spennande framtid og ikkje berre ei minnerik fortid.

 

Ann-Elen Skjelbreid - OL-deltakar 94, 98, 02 Assosiert fusing: Carl Johan Bergman (f. 1978) - Liv Kjersti Eikeland sin ektemake frå Sverige | Fotograf: E. Vangsnes Egil Gjelland - OL-deltakar 98, 02 Fotograf: EMBV Liv Grete S. og Raphäel Poiree - OL-deltakarar 98, 02, 06 Liv Kjersti Eikeland - OL-deltakar 2010 Her er medaljane til Liv Grete, Ann-Elen, Raphäel og Egil samla | Fotograf: Erik Vangsnes OL 02 - gullgutane på pallen OL-gull Egil Salt Lake City 2002 OL-stafettgull til Noreg, Fusa og Egil 2002 OL-sølv Egil Nagano 1998 Raphael i OL-løypa 2006 Stafettbronse Raphael 2006

 


Snarvegar:

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.06.2016
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30