Arbeidskommunen Fusa - variert næringsliv

Bolaks sitt oppdrettsanlegg på Mjånes - Klikk for stort bilete Flyfoto av Frank Mohn Fusa A/S sitt anlegg på Venjaneset 2003 - Klikk for stort bilete

 

Fusa har eit sterkt og godt næringsliv - det nest mest lønsame i landet, i følgje Nærings-NM 2010! Vi er ein attraktiv arbeidskommune med netto innpendling. Mekanisk industri, havbruk, trelast og trebearbeiding, landbruk og transport er mellom dei sterkaste næringane.

I Nærings-NM 2010 vart Fusa samla sett rangert som nr. 3 i Hordaland og nr. 10 i landet. Nærings-NM vert utarbeidd av Telemarksforsking på oppdrag for NHO. Det er ei måling og samanlikning av næringsutviklinga i regionar og kommunar. Kriteria som vert vurderte er lønsemd, vekst, nyetablering og relativ storleik.

Fusa har meir industri, meir landbruk og mindre tenesteyting enn gjennomsnittet i fylket og landet. Fusa er framleis ein industrikommune, ifølgje Statistisk Sentralbyrå sine tal, med hovudvekt på mekanisk industri. Frank Mohn Fusa AS er den klart største arbeidsplassen. Hovudproduktet er komplette lossesystem for tankskip, og over 90 % av produksjonen går til eksport. Den solide hjørnesteinsbedrifta er ein stor styrke for fusasamfunnet, men gjer oss også sårbare for konjunktursvingingar.

Andre sterke næringar er havbruk, trelast og trebearbeiding/ handverksbedrifter, mekanisk industri og transport. Fusa kommune er den nest største arbeidsgjevaren. Fusa er òg ein av dei viktige landbrukskommunane i Hordaland.

Vi er ein attraktiv arbeidskommune med netto innpendling. Vi har fleire sysselsette (74 %), lågare arbeidsløyse (1,5 %) og færre uførepensjonistar enn gjennomsnittet i fylket og landet. Fusa har fleire arbeidsplassar enn arbeidstakarar – arbeidsplassdekninga var på 100,6 % i 2010 – og vi treng fleire hender og hovud!

Sjå også:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.04.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30