Fusa frå fjord til fjell

Fusa er ein geografisk stor kommune på 378,8 km2. Av dette er 24 km2 ferskvatn. I tillegg kjem store sjøareal mot kommunane Samnanger, Os og Tysnes, og ei lang kystline på 198 km (SSB-tal). Fusa har dessutan store fjellområde og mykje skog.

Fjordar og vatn

Fjordsystemet kring Fusa er delt inn i mange ulike små og store fjordarmar: Samnangerfjorden, Ådlandsfjorden og Eikelandsfjorden i nord, Fusafjorden mot vest og Bjørnafjorden og Sævareidfjorden mot sør.

Både vatn og sjøområde er rike på fisk. Dei største innsjøane i kommunen er alle del av Sævareidvassdraget: Henangervatnet, Skogseidvatnet og Gjønavatnet. Dette er også særleg attraktive fiskevatn.

Fjell og jettegryter

Det er store fjellområde i Fusa, og kommunen har to toppar på over 1000 meter: Gjønakvitingen (1213 moh) og Tveitakvitingen (1299 moh). Fusa har ei spennande geologisk historie. Det er ei rekkje jettegryter i kommunen. Ei halvgryte som er forma i berget ved Koldalselva i Eikelandsosen, er ei av dei største landet.

Folkesetnad

Folketalet i Fusa var på 3818 innbyggjarar 1. januar 2013. Me har plass til fleire! Busetnaden er spreidd med 10 innb. per km2, om lag 1500 husstandar og berre 12 % busett i tettbygde strok.

Kommunen kan delast i 11 bygdelag: Baldersheim, Bogøy, Eikelandsosen, Fusa, Holmefjord, Hålandsdalen, Lygrepollen og Lukksund, Nordtveitgrend, Strandvik, Sævareid og Vinnes.

Kort oppsummert:

Fusa = 60 % skog, 6 % vatn, 5 % jordbruksland (innmark), 1 % hus og vegar og 28 % ikkje-skogkledd utmark.

Skoglandet Fusa - Klikk for stort bilete

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.07.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30