Program for 1.-7. klasse

Det er laga lokalhistoriske undervisningsopplegg for kvart klassetrinn i grunnskulen med eigne tema.

1. klasse: Familien min

Skåtun 1905 - Klikk for stort bilete

Tema: Kva er ein familie? Skilnader og likskapar før og no i: samansetjing, storleik, oppgåver, kjønnsroller. Laga slektstre.

 

2. klasse: Arbeid og arbeidsdeling

Høyonn Skjelbreid 1929 - Klikk for stort bilete

Tema: Kven gjorde kva? Kjønnsarbeidsdeling: kvinnearbeid, mannsarbeid, fellesarbeid. Barnearbeid. Arbeid knytt til årstidene.

 

3. klasse: Bygda mi

Tema: Kulturlandskap, gardsbruk, arbeidsplassar, tenestetilbod, institusjonar, kommunikasjonar, møteplassar, lag og organisasjonar - før og no.

Rikhaldige biletseriar frå bygdene i kvar skulekrins. 

4. klasse: Fornminnedag på Samnøy - frå steinalder til bronsealder

Fornminnedag (Fusanisto) - Klikk for stort bilete

Opplegg frå Hordamuseet med formidlarar i tidstypiske drakter og utstyr. Omvising på lokale fornminne frå perioden. Aktivitetar knytte til handverk, våpenbruk og matstell frå den aktuelle tidsperioden.

 

4. klasse: "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"

Yddal (Fusanisto) - Klikk for stort bilete

Opp til kvar skule å skipa til tur til ein av dei fråflytta gardane i kommunen, t.d. Yddal, Rennesvik, Ljotå eller Nesbjørgnes. Tema: Kvar busette ein seg i "gamledagar" - og kvifor? Naturressursar. Kommunikasjonar. Korleis levde dei på desse stadene? Kvifor vart dei fråflytta? Kjelder: Temaartiklar i bygdebøkene. Turkartet for Fusa kommune. Biletsamlinga på internett.

5. klasse: Fornminnedag i Strandvik - frå jarnalder til vikingtid

Fornminnedag (Fusanisto) - Klikk for stort bilete

Opplegg frå Hordamuseet med formidlarar i tidstypiske drakter og utstyr. Omvising på lokale fornminne frå perioden. Aktivitetar knytte til handverk, våpenbruk og matstell frå den aktuelle tidsperioden.

 

5. klasse: Husmannsdag i Vinnesholmen

Husmannsku i Vinnesholmen 2015 - Klikk for stort bilete

Tema: Husmannsliv - ressursbruk, nøysemd og hardt arbeid. Kva var ein husmann? Kvifor fekk me husmannsplassar? Kvar? Når? Slutten på husmannstida. Husmannsplassen i Vinnesholmen.

Aktivitetar: Roing, mjølka ku og bera høy, veding - hogga, saga og bera heim i kiper, matstell - koka vassgraut, laga smør (og saup), steikja surmjølkslappar - leikar frå "gamledagar".

Materiell:

6. klasse: Aktivitetsdag på Eidegrend klyngjetun

Eidegrend klyngjetun - tema byggeskikk med modellhus (lafting, grindverk) - Klikk for stort bilete

Tema: Gard - grend - bygd - kommunesenter. Byggeskikk. Tunskipnad. Ressursutnytting. Teigblanding - utskifting. Sentrum: geografisk plassering, kommunikasjonar, institusjonar og tenestetilbod.

Aktivitetar: Omvising i hus og tun v/eigar Margun Eide. Byggja modellhus. Baka lefser i eldhuset. Kultursti gjennom Eidegrend sentrum frå klyngjetunet til Eidestøa.

Materiell:

6. klasse: Aktivitetsdag på Engevik Gaard

Militær eksersis på Engevik gaard - Klikk for stort bilete

Tema: Dansketida i Fusa - militærgarden Engevik Gaard frå 1700-talet til i dag.

Aktivitetar: Omvising i hus og tun v/eigar Lars Johan Ditmarsen, militær eksersis, krokketspel, teikning av våpenmerke, jettegrytevandring.

Materiell:

7. klasse: Fusaveke på Hålandsdalen leirskule

Padling på Skogseidvatnet - Hålandsdalen leirskole - Klikk for stort bilete

Tema og aktivitetar: Bygdeliv med handverksaktivitetar og rollespel. Skulemuseet på Holdhus. Ungdomshuset. Holdhus kyrkje. Ferdsle på vatna gjennom Drageidkanalen. Kikedalen - middelalder og svartedauden. Ferdslevegen frå Øvre Hålandsdalen til Strandebarm over Bergsenden.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.05.2016
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service

Telefon :
56 58 01 34
E-post :
ella.marie.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Rådgjevar - permisjon 1.1.-31.12.2017
Bunnhjørne