"Fusanisto" - lokalhistorie for skulebarn

Fusanisto, Eidegrend klyngjetun, mjølkeflasker, mjølkespann - Klikk for stort bilete

"Fusanisto" er eit lokalhistorisk undervisningsopplegg for 1.-7. klasse i fusaskulane. Opplegget er knytt til bygdebøkene våre "Heilt andre tider. Fusa 1900-2000. Band I-III", den historiske biletbasen på internett (PDF, 121 kB), Lokalhistorisk Arkiv i Fusa (PDF, 63 kB) og kulturminne rundt om i kommunen.

Fusanisto, Eidegrend klyngjetun, aktivitetsdag, undervisningsopplegg, byggeskikk, lafting, grindverk, modellhus - Klikk for stort bilete

Målet er at elevane gjennom skuletida si skal verta kjende med den lokale kulturhistoria i heile kommunen - og slik få med seg ei god "fusaniste" når dei er ferdige med skulegangen. For 1.-3. klasse er det laga ferdige opplegg med power point-presentasjonar og mange gamle foto til bruk på eigen skule og i eiga bygd. For 4.-6. klasse vert det skipa til felles aktivitetsdagar for alle elevane på same klassetrinn. I 7. klasse får elevane med seg ei spesiallaga "fusaveke" på Hålandsdalen leirskole.

"Fusanisto" er utarbeidd av bygdebokforfattar Ella Marie Brekke Vangsnes i samarbeid med mange gode hjelparar rundt om i Fusa. Ressursgruppa for "Fusanisto" har vore sett saman av Kari Kallevik Hjartnes, Heidi Baldersheim, Sveinung Norheim og Anne Martinsen.

Sjå fullstendig program.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.12.2015
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service

Telefon :
56 58 01 34
E-post :
ella.marie.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Rådgjevar - permisjon 1.1.-31.12.2017
Bunnhjørne