Kongedømet Fusa

I 2003 proklamerte kunstnaren Morten Holmefjord Fusa som eige kongedøme. Han let seg krona som visekonge under ein høgtidleg seremoni på Eide i Hålandsdalen 21. juni.

Visekongen vert krona 21. juni 2003. | Fotograf: Erik Vangsnes
Kroningsseremoni på Eide 21. juni 2003. fotograf Erik Vangsnes

Morten Holmefjord er fødd i 1975 og kjem frå Eikelandsosen i Fusa kommune. Kunstprosjektet "Kongedømet Fusa" var i utgangspunktet del av den avsluttande eksamenen hans ved Kunstakademiet på Kunsthøgskolen i Bergen. Kunstnaren sette fokus både på geografisk identitet og lokaldemokrati.

Det vart laga eit eige flagg for kongedømet, eigne pass og ein eigen valuta: fusiske kruner. Kongedømet hadde òg ambassadørar både i inn- og utland, og delte ut medaljar og ordenar.

Visekongen og medhjelparane hans skipa til ei rekkje fellesarrangement rundt om i Fusa, m.a. ein årleg vintergalla. Desse tilskipingane samla både unge og gamle på tvers av ulike miljø og bygder. Visekongen reiste òg på "utanlandsbesøk" både til nabokommunen Os og til Sogn og Fjordane.

Kongedømet Fusa engasjerte både folk i Fusa og nasjonalt. Det skapte begeistring og det vekte kritikk. Prosjektet fekk økonomisk støtte m.a. frå "Hundreårsmarkeringen Norge 2005", den nasjonale komiteen for feiringa av hundreårsjubileet for Noreg som eigen nasjon. Morten Holmefjord fekk Fusa kommune sin kulturpris i 2005.

12. september 2005 - same dag som kommune- og fylkestingsvalet - vart det halde folkerøysting i Fusa om visekongeprosjektet skulle halda fram eller ikkje. Valdeltakinga var på 58 prosent. 680 røysta "ja" og 908 "nei". 31. desember 2005 vart kongekrona senka i Bjørnefjorden og visekongen reiste i eksil til Uruguay.

Arven etter "Kongedømet Fusa" er ført vidare i kulturlaget Fusa Sameige. Det er laga ei utstilling om prosjektet som har fått tittelen "I staden".

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.06.2011
Fusaflagget på Engevik Gaard ved lanseringa av kongedømet Fusa 21.6.2003. | Fotograf: Erik Vangsnes
Fusaflagget vaiar på Engevik Gaard. fotograf Erik Vangsnes
Visekongen med publikum 21.6.2003.
Visekongen med publikum i Strandvik 21. juni 2003.
Vintergalla i samfunnshuset i Eikelandsosen 22. mars 2004 - markering av 40-årsdagen for Fusa kommune  | Fotograf: Erik Vangsnes
Vintergalla 2004. fotograf Erik Vangsnes
Visekongen og formannen i eldrerådet ved markeringa av eittårsdagen for Kongedømet Fusa 21.6.2004. | Fotograf: Erik Vangsnes
Visekongen og eldrerådsformannen på eittårsdagen for Kongedømet Fusa. fotograf Erik Vangsnes
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30