Avrunding av Fusa i farten - fysisk aktiv

Janne Gjøen Gjernes på gullstol etter Fusa i farten, løfta opp av gode kollegaer Unni Kvåle (t.v.) og Gunn Merethe Gjøen (t.h.) - Klikk for stort bilete

 

Fusa i farten 2015 med kampanje for fysisk aktivitet fekk mange tilsette i Fusa kommune ut av godstolen. Over 40 millionar steg vart registrert over 6 veker. Mest av alle hadde Janne Gjøen Gjernes med sine fantastiske 1.044.590 steg. 

Sykketrening til gull!

For stegsigaren fekk Janne Gjøen Gjernes frå Trollskogen barnehage ei fruktkorg med både litt søtt og litt sundt. Ho meinte sjølv at det var all treninga til sykkelrittet Bergen-Voss som hadde fått opp den store aktiviteten for hennar del. Det kan vera eit tips til andre eit seinare år.

Vinnaren tok nesten alt

Janne vart den store vinnaren sidan ho også vann eine trekkepremien med gåvekort på kr 3.000,-. Den andre trekkepremien gjekk til Yvonne K. Eilertsen ved Søre Fusa oppvekstsenter.

Arbeidsmiljøtiltaket "Fusa i farten" starta med kick off ved Kommunetunet 20. april og gjekk fram til fredag 5. juni. Aktiviteten ute på arbeidsplassane gjennom dei knappe sju vekene vart innrapportert av eigne aktivitetskoordinatorar.

Høgt snitt

72 tilsette i Fusa kommune rapporterte inn sine steg i aktivitetsperioden. Vi veit mange fleire har lete seg inspirera til aktivitet og fått eit utbyte av kampanjen.

Dei som har levert inn sine personlege resultat har helde eit høgt snitt. Gjennomsnittleg aktivitet for alle som vart registrerte er på 11.840 steg for dagen. Det er kjempebra! Det samla talet på over 40 millionar steg er også imponerande. Då kjem ein 3/4 rundt jorda ved ekvator.

24/7/12

No kan alle ta ein velfortent sommarferie, men Fusa kommune vil oppmoda alle tilsette om å halda fram med å vera fysisk aktive enten du er heime eller på reise. Hugs at målet om 10.000 steg, eller 30 minutt med fysisk aktivitet med auka hjartefrekvens, er noko som gjeld 24/7/12.

Takk for innsatsen og god sommar!




 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 02.07.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30